Etablering av Norsk språkbank

(11.6.10) Norsk språkbank vert no etablert. Språkrådet laga i 2008 ein plan for etablering av Språkbanken, og Nasjonalbiblioteket har i år fått i oppdrag å realisere banken og byrje å samle inn og byggje opp dei språkressursane som skal inngå i han.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Språkbanken skal innehalde tekst- og talespråkskorpus, dvs. store samlingar av tekst og tale som er nødvendige for å lage språkteknologiske tenester og produkt med norsk tale og tekst. Språkbanken skal vere ei teneste for den delen av næringslivet som jobbar med utvikling av språkbasert ikt, for forskarar innanfor språkvitskap og språkteknologi og for offentlege verksemder som utviklar elektroniske løysingar for offentlege tenester.

Rådet for Språkbanken
Det er oppnemnt eit fagleg råd som skal bidra til utforming av strategien for Språkbanken, medverke til å utvikle han vidare og gje prioriteringar for kva innhald ein skal få inn. Rådet er sett saman av representantar frå dei fire universiteta som driv med språkteknologisk forsking (NTNU, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø), ein representant frå Noregs forskingsråd, ein frå Språkrådet og to frå næringslivet. Rådet representerer såleis både brukarar og leverandørar til Språkbanken.

Avsparkseminar
Nasjonalbiblioteket inviterer til eit ope seminar om Språkbanken torsdag 17. juni. Påmelding fram til måndag.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2010 | Oppdatert:19.11.2021