Styret i Språkrådet held fram eit år til

(6.11.09) Styret i Språkrådet er oppnemnt for perioden 2006–2009, men Kulturdepartementet har bede styret om å sitje eit år til.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

I eit brev frå Kulturdepartementet til styreleiar Ida Berntsen vert styret invitert til å vere med i prosessen som skal leie fram til at departementet utnemner ny direktør for Språkrådet i 2010. Alle styremedlemmene har sagt ja til å sitje eit år til.

Kontaktperson i Språkrådet er styreleiar Ida Berntsen, tlf. 900 36 060.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.11.2009 | Oppdatert:19.11.2021