Uravrøysting

No image

Kva har ur med uravrøysting å gjere? Heiter det uravstemming eller uravstemning på bokmål?

I mai og juni høyrer vi ofte om uravrøystingar (bokmål: uravstemning). I ei uravrøysting kan medlemmene i ein fagorganisasjon seie kva dei meiner om ein avtale som forbundsleiinga har forhandla fram med arbeidsgjevarsida.

I Nynorskordboka kan vi lese at vi har lånt forstavinga ur- frå lågtysk, og vi finn ho i ord som urpremière, urnordisk og urgammal. I dei to første døma er tydinga ’som kjem først’, medan ur- i det siste dømet er ein forsterkar (’særs gammal’).

Tydingsvarianten vi er ute etter når vi snakkar om ei uravrøysting, er nærskyld med den vi finn i urnordisk og urpremière. Uravrøystingar er særleg knytte til fagrørsla, der medlemmene kan røyste for eller imot eit tarifforslag, og slike avrøystingar er altså ’grunnlag for seinare avgjerd’, som det står i ordboksdefinisjonen.

I tillegg til uravrøysting finn vi både urrøysting og uravstemming i Nynorskordboka. På bokmål må vi skrive uravstemning (altså med -mn-).

Sjølv om forstavinga ur- er lånt frå lågtysk, har ho same opphav som den norske preposisjonen or ’ut av/frå’ (norrønt: ór).

---

Foto: Senterpartiet (Sp) – splm13 Avstemning 4 (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.06.2016 | Oppdatert:11.08.2023