Trump

No image

Namnet Trump er symboltungt. Det har ingen god klang på norsk. Men i utgangspunktet har det det på engelsk. Kan det kasta lys over valresultatet?

Donald Trump er kjend for å bruka namnet i marknadsføringa av seg og sitt. Ein grunn til dette valet er nok at det engelske ordet trump tyder ‘trumf’ (ja, i ordboka står det til og med ‘kjernekar’). Både trump og norsk trumf (i dialekt også trump) heng etymologisk saman med triumf, som i siste instans kjem frå gresk.

Men det finst eit anna trump som historisk sett er meir relevant for slektsnamnet til Donald Trump. Dette namnet skal ha opphav i eit tysk ord for trompet, basun eller tromme som er i slekt med vårt eige trompet, tromme og trommel. Den komande presidenten har i så fall hatt forfedrar i musikkbransjen. Eit slikt ord finn vi òg spor av i engelsk, t.d. i uttrykket the last trump (of doom) ‘dommedagsbasunen’. Trump kan altså tyda ‘trompetstøyt’, og i britisk-engelsk kan verbet to trump visa til fanfarar frå under beltestaden bak. Meir kjent er kanskje to trump up ‘fabrikkera, dikta opp’, men historia bak dette uttrykket er ikkje heilt klår.

Anten ein tenkjer på tr(i)umftrompet eller tromme, må ein seia at valet har ein verdig vinnar etymologisk sett. Difor er det heller ikkje underleg at motstandarane til Donald Trump har drive ein kampanje mot namnet. Dei vil at han skal ta opp att den mindre velklingande varianten som farfar hans innvandra frå Tyskland med, nemleg Drumpf. «Make Donald Drumpf again», seier dei.

Det er det ingen grunn til å gjera på norsk. Slik Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet (Norsk Ordbok) framstiller trump og trumping, er det snarare grunn til å bu seg på søksmål frå krenkte Trump-tilhengarar. Mellom anna tyder trump ‘stor, tung og stiv person’ eller ‘einvis og tverr kar’. Ei trumpelure er ei tilsvarande kvinne. Her er eit opplysande bruksdøme frå Nissedal: «Hans var ein trump alle sine dagar.»

Trump i denne tydinga er knytt til adjektivet trumpen ‘sur og tverr’ og heng truleg saman med å trampa. Det same gjer verbet å trumpa i tydingar som ‘driva fram, skuva’, men når det handlar om å ‘trassa seg eller tura fram’, er det truleg påverka av å trumfa. På norsk kan ein mellom anna trumpa på og trumpa imot. Eit døme til, frå Suldal: «Knut var ein som trumpa seg fram i guteflokken.» Til dette er knytt eit abstrakt trump med mange nyansar: å ta nokon med trump, bruka trumpen (bruka makt), slå på trumpen (vera pågåande) og gå trump (gå ubeden i selskap).

Namnet Donald Trump har reaktualisert ei rekkje gode norske ord på trump-, men det er ikkje uproblematisk. Vi ser ein tendens i media til at slike ord no blir nytta om noko generelt Trump-aktig. Dette kan føra til at tradisjonelle tydingar og nyansar forsvinn. Til dømes er det jo mest sannsynleg motstandarane til Trump som er trumpete i desse dagar.

Ukritisk Trump-inspirert bruk av trump-ord kan såleis skada mykje, både i norsk og engelsk. Derimot kan det ikkje skada å slå oftare opp i Norsk Ordbok!

---

Foto: Gage Skidmore – Donald Trump (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.11.2016 | Oppdatert:09.08.2023