Suspendere

No image

Det er venta at statsminister Boris Johnson vil suspendere Parlamentet i London att denne veka. Ordet suspendere kjem frå latin og tyder både «hengje opp» og «stanse, oppheve». Kva skjer når ein statsminister suspenderer eit parlament?

I administrativ samanheng tyder suspendere ifølgje Nynorskordboka

  1. mellombels løyse frå eit embete eller ei stilling
  2. mellombels oppheve ein rett eller liknande

Det Norske Akademis ordbok har denne definisjonen:

midlertidig stanse eller sette ut av kraft; sette ut av virksomhet for en tid

Ordboka fører opp dømet «nasjonalforsamlingen ble suspendert», og forklarer det med at nasjonalforsamlinga vart mellombels oppløyst.

Kva med tydinga «hengje opp»? Den finn vi att i ordet susp – ei forkorting for suspensorium.

Merk at verbet suspendere, til liks med andre verb på -ere med opphav i latin, vert bøygd slik i den nynorske rettskrivinga: å suspendere (eller å suspendera) – suspenderer – suspenderte – suspendert. Det skal altså ikkje vere a nokon stad i bøyinga etter infinitiven.

 

Publisert 11. oktober 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.10.2019 | Oppdatert:03.08.2021