Riksmeklaren

No image

Lønsoppgjeret er i gang, og forhandlingane mellom partane har brote saman. Det fører til travle dagar for Riksmeklaren. Namnet skriv vi med stor førebokstav når vi omtalar embetet, men med liten når vi omtalar personen.

I 2012 vart den tidlegare Riksmeklingsmannen døypt om til Riksmeklaren, men termen uttrykkjer framleis både eit embete og ein person. Embetet fyller funksjonen til eit statsorgan og skal derfor skrivast med stor førebokstav. Det heiter til dømes Dei sit i mekling hos Riksmeklaren.

Når ein derimot omtalar personen, er det liten førebokstav som gjeld. Eit døme: Det opplyser riksmeklar Nils Dalseide. Somme gonger kan ein vere i tvil, og det er gjerne ein indikasjon på at begge delar kan forsvarast.

Merk at dei same reglane for bruken av stor og liten førebokstav også gjeld for andre embetsnamn som omtalar personar, til dømes Fylkesmannen, Riksantikvaren og Sivilombodsmannen.

Ordet mekle kjem frå lågtysk mekelen og er i slekt med norsk make, med tydinga 'lage, ordne'. Ein meklar er derfor ein som ordnar med noko. Merk at sjølv om det er valfritt å skrive mekler eller megler på bokmål, er Riksmekleren eit eigennamn som skal skrivast med k. På nynorsk er meklar den einaste tillatne forma.

 

Publisert 6. april 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.04.2018 | Oppdatert:03.08.2021