Olsok

No image

Olav den heilage fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Namnet på merkedagen olsok kjem av det norrøne «ólafsvaka» ’Heilag-Olavs vokenatt’.

Olav 2. Haraldsson blei heilagkåra alt i 1031, og utetter i mellomalderen var olsok den viktigaste norske og nordiske kyrkjefesten. Mange kyrkjer både i Noreg og utlandet var olavskyrkjer. Etter reformasjonen i 1536 vart det slutt på den offisielle olavshøgtidinga, men folk heldt fram med olsokfeiring mange stader (sjå Olav Bø, Høgtider og minnedagar, s. 91). Olsok vart offisiell flaggdag ni hundre år etter slaget på Stiklestad, altså i 1930.

Olav den heilage (eller Heilag-Olav) er ikkje den einaste kongelege som har fått eit tilnamn. Tilnamna fell i to grupper når spørsmålet er stor eller liten førebokstav. Faste tilnamn utan artikkel skal ha stor (Sigrid Storråde, Sigurd Munn, Harald Hardråde), medan tilnamn med artikkel skal ha liten (Olav den heilage, Håkon den gode). Det same gjeld ordenstal (Harald den femte).

Nett som månader og dagar elles skal namn på høgtider ha liten førebokstav. Altså skriv vi til dømes olsok, sankthans/jonsok, juleftan/julaftan og skjærtorsdag.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.07.2017 | Oppdatert:03.08.2021