Nye fylke – kven er du?

No image

Mange har starta året som innbyggjar i eit nytt fylke med eit nytt namn. Kva skal ein kalle seg når det gamle fylket er borte?

Rogaland

Vi kan ta utgangspunkt i eit fylke som er upåverka av fylkessamanslåingane, nemleg Rogaland. Bur du der, kan du kallast rogalending, og er du frå området Jæren i Rogaland, er du samtidig jærbu.

Fylke utan innbyggjarnamn

Fleire av dei gamle fylka mangla eigne innbyggjarnamn. Innbyggjarnamna var i staden knytte til større område – landskap – i fylket. Ein person frå Sogn og Fjordane (no del av Vestland fylke) kunne vere sogning, sunnfjording eller nordfjording, men ikkje *sognogfjording.

Innbyggjarar i dei tidlegare fylka Akershus og Buskerud (no i Viken fylke) kunne kallast akershusingar og buskerudværingar, men desse orda har vore lite brukte. Innbyggjarnamn som romeriking og halling, knytte til områda Romerike og Hallingdal, har alltid vore mykje vanlegare.

Viken, Innlandet og Vestland

Kva kan innbyggjarane i fylka med dei nye namna Viken, Innlandet og Vestland kallast?

Ordet for ein innbyggjar i det historiske Vika (området rundt dagens Oslofjorden) er vikværing. Det kan nok brukast om innbyggjarane i det nye Viken fylke òg.

Innbyggjarane i det nye Vestland fylke (før: Hordaland og Sogn og Fjordane) er allereie vestlendingar, men dei er ikkje åleine om det. Folk frå Rogaland og Møre og Romsdal er òg frå landsdelen Vestlandet. Kanskje får vi ei dobbelttyding med tida, slik vi har i ordet nordlending, som kan vise til både  ‘person frå Nordland’ og ‘person frå Nord-Noreg’.

Ordet innlending finst òg frå før. Det kan vise til personar frå den indre delen av eit land og til det motsette av utlending. Men det er ikkje så mykje brukt i desse tydingane, så det ligg til rette for at innbyggjarane i Innlandet kan bli innlendingar.

Språkbrukarane har fasiten

Tida vil vise om det festar seg nye innbyggjarnamn til dei nye fylkesnamna, eller om det går som det gjekk med innbyggjarane i dei tidlegare fylka Sogn og Fjordane eller Buskerud.

I alle tilfelle må til dømes østfoldingar, hordalendingar og hedmarkingar framleis kunne bruke desse orda om seg sjølve, på same måte som ein kan kalle seg jærbu, romeriking  eller sogning.

 

Publisert 15. januar 2020

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.01.2020 | Oppdatert:03.08.2021