Jordmor

No image

Den internasjonale jordmordagen blir markert 5. mai. Ei jordmor er ein offentleg godkjend fødselshjelpar, og yrkestittelen kan brukast på både kvinner og menn.

Mange av dei gamle stillingsnemningane som markerte kjønn, er bytte ut med kjønnsnøytrale nemningar (t.d. formann > leiar, sjukepleierske > sjukepleiar). Likevel er fleire av dei høgst levande, som fylkesmann og jordmor. Det generelle rådet vårt er å bruke yrkestitlar som femner om både kvinner og menn, men i nokre tilfelle har ein ikkje komme fram til ei slik nemning (enno).

Det er om lag 3000 jordmødrer i Noreg. Sjølve jordmorutdanninga er toårig og byggjer på fullført sjukepleiarutdanning. Sidan 1973 har yrket vore ope for båe kjønn, men meir enn 40 år seinare er berre ei handfull av norske jordmødrer menn. Somme har hevda at yrkestitlar som jordmor og helsesøster hemjar rekrutteringa av menn til desse yrka, og fagmiljøa har arbeidd mykje med å finne kjønnsnøytrale nemningar. At det arbeidet og ordskiftet ikkje er fullført, viser at desse titlane med -mor og -søster nok ikkje har korte og praktiske avløysarar som er like openberre som t.d. sjukepleiar for sjukepleierske.

Vi bøyer jordmor nett som mor. Det heiter altså jordmødrer (bokmål òg jordmødre) i fleirtal. Mange ordbøker forklarer ordet med at fødselen tidlegare gjekk føre seg på jordgolvet, men språkforskarane er ikkje samde om at det faktisk er opphavet.

I svarbasen vår kan du lese meir om jordmødrer og helsesøstrer. Språkrådet har dessutan laga ei rettleiing om kjønnsbalansert språk.

(Kjelde: Store medisinske leksikon)

 

Publisert 5. mai 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.05.2017 | Oppdatert:03.08.2021