Troll

Troll er det ingen som trur på lenger, men dei har sanneleg sett spor etter seg i ord og uttrykk. Og kva vil det seie at det går troll i ord?

Troll | Foto: Jan HammershaugI folketrua var troll eit overnaturleg vesen, eit «stort (eller sjeldan lite), stygt, sterkt og farleg, men dumt og godtruande, menneskeliknande vette som bur i skogen eller berget» (Nynorskordboka). I våre dagar er troll oftast å sjå som ufarlege suvenirar frå Noreg. Når det går troll i ord, kan ein tenkje seg at det er trolldom eller sterke krefter som spøkjer i bakgrunnen: Berre ved at ein seier noko, kan det skje, som i «dei snakka om snøfall, og jammen gjekk det troll i ord».

Ordet troll førekjem ofte om personar eller dyr som er vonde, stygge og slemme: han/ho er eit ordentleg troll. Trollmenn, trollkjerringar og trollungar er velkjende figurar både i eventyr og andre stader. Henrik Ibsen tenkte nok på troll som vonde makter då han skreiv «At leve – er krig med trolde i hjertets og hjernens hvælv». Eit trollord er eit magisk ord, ein trollring og ein trollspegel ligg det òg trolldom i.

I naturen er det mykje troll å finne i ulike kombinasjonar, som trollsmør, trollbær, trollkrabbe, skrukketroll og rumpetroll. Har ein tytebær, eggekvite og sukker, kan ein trylle fram trollkrem. Ein trollfisk er helst ein ufisk. Eit trollgarn har derimot ikkje noko med troll å gjere, det er eit tredobbelt garn.  

Troll i namn finst det mykje av: Trollfjorden, Trolltindan osb. Namnet Trollheimen vart teke i bruk om fjellområdet på slutten av 1800-talet.

Arne Garborg skreiv om trollheim i Haugtussa: «Eg kjenner deg, du trollheim grå». Dei siste åra har det vore skrive om Internett som ein ny type trollheim. Gjennom engelsk har troll blitt teke i bruk om ein ’person som med provoserande framferd øydelegg samtalar og debattar på nettet’. Kor mykje dette har med vårt norske troll å gjere, er ikkje heilt klart, for engelsk har troll som lånord frå norrønt, men òg eit likelydande verb med tydinga ’fiske’, og det har eit anna opphav. Dei som hallar til denne siste forklaringa, meiner at dei første nett-trolla med vilje gjekk inn for å fiske fram hissige reaksjonar hos andre. Dette ordet har no utvikla seg slik at det blir brukt meir generelt om personar som uttalar seg i provoserande eller støytande ordelag på nettet, uavhengig av om ønsket er å fiske etter reaksjonar. Denne bruken fell godt saman med korleis vi oppfattar det norske trollet både som farleg og dumt. Her får vi altså sjå eit anna slag troll i ord.

 

Publisert 7. november 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.11.2013 | Oppdatert:04.08.2021