Sjølvmelding

Sjølvmeldinga blir elektronisk tilgjengeleg på denne tida av året, så vi kan sjekke inntekt og frådrag, formue og gjeld. La oss med det same sjekke desse omgrepa litt nærare.

20-kroning frå 1874Sjølvmeldinga forklarar seg kanskje ikkje sjølv, men dei fleste har vel fått med seg at ho gjeld den årlege likninga av skattepliktige. Det er neppe like mange som har fått med seg at ein på bokmål kan velje mellom selvangivelse og sjølmelding.

Bortsett frå på dansk, der det som på bokmål heiter selvangivelse, har skatteoppgåvene funne andre løysingar i andre språk. Svenskane fyller ut ein självdeklaration, truleg etter romansk mønster, der det heiter déclaration de revenus på fransk, declaración de la renta på spansk og dichiarazione dei redditi på italiensk, som alle kan omsetjast med ’inntektserklæring’. Og på tysk og engelsk held dei seg med erklæringar om skatt, i form av Steuererklärung og (income) tax return.

Inntekt er noko ein tek inn, av norrønt taka, og frådrag noko ein dreg frå, av norrønt draga. Formuen og gjelda er derimot ikkje like gjennomsynleg. Formue har vi frå lågtysk vormogen, som er det same som å formå, det vil seie å måtte i tydinga ’kunne’. Gjeld kjem av norrønt gjald, som tyder ’betaling (av det ein skuldar)’, jamfør tysk Geld ’pengar’.

Inntekt, formue og gjeld heitte før òg innkome, eige og skuld på nynorsk. Så spørst det berre om skattefuten forlèt oss vår skuld i år, som vi òg forlèt våre skuldmenn (debitorar).

 

Publisert 21. mars 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.03.2014 | Oppdatert:04.08.2021