Ras og skred
Ras og skred er ord for skremmande fenomen blant folk som især bur ved fjordar og fjell.
Ras kjem frå norrønt rás og betyr 'bråhast, skunding'; skred kjem frå det norrøne skrið, og er i slekt med verbet skrida.
Ras og skred blir brukte om kvarandre, men ein kan seia at skred er hovudordet. Det kan rasa noko frå taket, og til slutt kjem det kanskje eit lite takras. Det kallar vi ikkje skred. Nokre steinar og litt rusk kan koma farande. Det er helst eit ras, om ein treng eit ord på det. Men når dei store massane med stein, jord, snø o.l. kjem sigande, er det skred som er ordet. Då kan farten vera mindre, men verknaden vid.
Merk at når ein talar om staden der det har gått ras/skred, seier ein anten eit ras eller ei skrede.