Prekevere

Det gjeld å prekevere det du haustar eller handlar inn!

Når vi kjem heim frå sopp- eller bærturen, må vi prekevere det vi har plukka. Det same gjeld varene frå handleturen. Å prekevere er å sortere sakene ein får i hus, og setje/leggje dei på sin rette plass så dei ikkje tek skade.  

Ordet prekevere finn vi i Norsk Ordbok. Norsk Riksmålsordbok har forma prekavere. I dialekt heiter det gjerne prekkevere. Det er latin praecavere som ligg til grunn, og det kan bety ‘å ta sine forholdsregler, dra omsorg for, ta vare på’. 

Prekevere er eit godt døme på at opphavleg boklege ord kan bli utbreidde i folkeleg talemål i ei spesialtyding 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.09.2009 | Oppdatert:20.12.2022