Skurdtreskjar (og tungrock)

Mangstad gulnar no åkrane mot hausten. Grøda er stor, men onnefolka få, heiter det, men i vår tid er ikkje det eit like stort problem – takk vere skurdtreskjaren.

I nokre hektiske veker med skurdonn kan vi ute i bygdene høyra den jamne duren frå treskjemetallet som i éin operasjon både skjer, treskjer og reinskar kornet. På ein moderne skurdtreskjar grip den roterande vinda eller haspelen tak i kornaksa, som blir skorne av på skjerebordet og førte inn i treskjaren gjennom treskjeverket, halmristarane og reinseverket. Uttrykket gå som eit treskjeverk om å gå ujamt og støyande stammar frå den tida treskjeverket var ein sjølvstendig maskin som stod og laga mykje bråk.

Skurd (norrønt skurðr) har stum d og blir uttalt /skur/. Ordet har samanheng med verbet skjera, og i tillegg til tydinga ’det å skjera’ brukar vi det om ’noko som er skori’, som i treskurd, og ’stad der det er skori’, t.d. skurden på geværsiktet. Vi finn det òg i skurdtømmer, tømmer som skal skjerast til plankar, bord og anna, til skilnad frå sliptømmer, som blir slipa til tremasse. 

Treskja (norrønt þreskja) er det å skilja kornet frå resten av loa (agner og halm), og det gjorde ein før med å dengja laus på kornaksa med slagreiskapane sliul/flygel/tust. Etter treskinga var det tid for reinsking, og siste ledd i den prosessen var gjerne drøftinga, som gjekk ut på å kasta kornet opp frå eit trau slik at agner og rusk blei skilt ut (sjå kapittelet Reinskeverk i boka Norske mylnor og kvernar 1936).

Det engelske thrash/thresh, som er det same som vårt treskja, har framleis tydinga ’slå, dengja laus’. Det er den tydinga finn vi att i musikksjangernemninga thrash metal, som er ein litt annan type treskjemetall enn det vi finn i skurdtreskjaren.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.08.2010 | Oppdatert:11.01.2023