Haust og haust

No image

Haust tyder både ’årstid mellom sommar og vinter’ og ’avling’. Verbet hauste tyder både å samle inn avling og å gå mot haust (å haustast). Ein kan lure på om årstida har fått namn etter avlinga eller omvendt.

På engelsk heiter det harvest om avlinga, men autumn vart etter kvart det vanlege ordet for årstida (utskiftinga tok til på 1500-talet). Autumn er lånt frå fransk automne, som kjem av  latin autumnus, jf. italiensk autunno og spansk otoño. Det er uklårt kva som er den opphavlege tydinga. Dei tilsvarande tyske orda er Herbst oErnte

I boka Våre arveord slår Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman fast at haust er i slekt med å skjera og har tydd noko slikt som ‘den beste skjeringa’ / ‘det som best kan skjerast’. Grovt forenkla framstelling av utviklinga: Den indoeuropeiske verbalrota for nokre tusen år sidan var *(s)ker-, og den vart utvida med ein p. Med tida vart k til h og p til b hos oss i nord. På eit eller anna tidspunkt fekk vi forma *harb-, som gav opphav til former som *harbusta- og *harbistá-, som seinare vart slipte ned til høvesvis haust og harvest/herbst.

Etter denne stutte, men tunge haustonna fortener vi å slappa av med eit av dei mest kjende haustdikta i norsk litteratur, frå Arne Garborgs Haugtussa:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.10.2011 | Oppdatert:11.01.2023