Feitleik, feite og fite/fete

(Dette er eit tillegg til «Finst fedme?».)

Feitleik er notert i forma «fetlek» frå austlandsmål, ordet har vore tilrådd av Knud Knudsen («bokmålets far») og er jamvel ein hende gong brukt i bokmål: «Min labrador skal aldri bli noen anorektiker med snipetryne, og ingen skal noen sinne få lov til å klage på feitleiken hennes» (frå www.snute.net).

Feite er mellom anna notert frå Trøndelag slik: «De-denn feita e no tå de faleast sjukdommåm såm fins» og i forma «den feidå» frå Stavanger-kanten. Dessutan er det brukt i skrift frå gammalt av: «Dei hev for mykje money der burte; feita slær seg paa heilen [hjernen] og stansar tanken verre enn armod, maa ein tru» (Den 17de Mai, 1894).

Hankjønnsordet fite/fete står til feit som hete gjer til heit. Det var kanskje dette ordet som hadde best grunnlag ein gong i tida, både på Vestlandet og bygdene kring Oslo, der som jamvektsord, jamfør til dømes «å miste fetan». Men i ei halvprippen tid hjelper det nok ikkje at ein mogleg slektning av dette ordet, med dobbel konsonant, er betre kjend. På Island kallar dei fedme offita (ovfe(i)te) utan å blunke.

 

Publisert: 20. oktober 2010

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.10.2010 | Oppdatert:04.08.2021