Drift i dyr

Ord knytte til haust og brunsttid hjå dyr

Frametter hausten er verb som blesma og brunda aktuelle i og utanfor fjøsa rundt om i landet. Ulikt menneska har dei fleste hodyr berre visse tider på året då dei er paringshuga. Når søyer og geiter viser at dei er interesserte i og mottakelege for nærkontakt med vêr eller bukk, oftast om hausten, blesmar dei. På somme kantar av landet er ordet blesming brukt òg når dei parar seg. Somme stader blir blesma brukt berre om søyene. Det er truleg eit gammalt ord for 'eld' som ligg til grunn for å blesma.

Eit anna verb for det same er å brunda. Brund står for kjønnsdrift eller paringstrong og utslag av det hjå både små og store dyr. Ordet er avleitt av å brenna, til liks med varianten vi har frå lågtysk: brunst. Det er òg i slekt med (makt)brynde.

Å brunda er særleg brukt om handyra, dei «spring eller flyg i brund» og kan vera reint brundgalne. Dei bør ikkje slaktast i brundtida, for då har dei brundsmak!

Ordet brunda blir òg brukt om planter. «Eineren brundar» (Setesdal) når han sender ut blomstermjøl, og «brisken eller raunen brundar» (Bø, Seljord, Kviteseid) når det angar sterkt frå bork og knuppar. Dette er då meir eit vårfenomen.

Kua blesmar ikkje når ho vil para seg, ho byr seg. Ein kan òg seia at ho yksnar/øksnar – eller er yksen/øksen. Når det så viser seg at paringa (i våre dagar mest insemineringa) har vore vellukka, og at kua eller hoppa er drektig, seier ein at ho tok seg.

Å vera od (uttala ó) eller gra er endå to uttrykk om dyr og menneske som går i brund. Od kan òg tyda vill og besett av andre grunnar enn brund, og er i slekt med namnet til guden og trollmannen Odin. Gra, som i grabukk, heng saman med det meir prosaiske grådig. Med ein slik rikdom på «gra-ord» er det litt underleg at ein i nyare norsk har lagt mest heile brund-børa på ordet kåt 'glad, lystig'. Det har vel vore for å pynta på og mildna språket, men sjølve ordet har lide den motsette lagnaden. Det må vera det mest «grabøygde» adjektivet i språket.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.10.2010 | Oppdatert:10.01.2023