Mastergradsstipend: Terminologi og fagspråk (2015)

Hausten 2015 skal Språkrådet dele ut eit stipend til ein mastergradsstudent som skriv oppgåve om terminologi og fagspråk. Stipendet er på 20 000 kroner. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.

Det er behov for dokumentert kunnskap om desse emna innanfor området terminologi og fagspråk:

  • termdanning i eit fagfelt innanfor humaniora, samfunnsvitskap eller naturvitskap
  • bruk av metaforar og/eller metonymiar i eit fagfelt innanfor humaniora, samfunnsvitskap eller naturvitskap
  • korleis fagomgrep vert definerte i pensumbøker i høgare utdanning

Søknaden må innehalde

  • ei skisse på ei side der ein gjer greie for problemstillinga og metoden – det bør også gå fram kor langt ein er komen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden på maksimum tre sider

Søknadsfristen er 1. oktober 2015. Søkjarane må merkje av kva for stipend dei søkjer på. Send søknaden med brev eller e-post:

Språkrådet
Postboks 8107 Dep
0032 OSLO


Kontakt: Har du spørsmål, kan du kontakte Ole Kristian Våge, tlf. 22 54 19 79.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.08.2015 | Oppdatert:21.01.2021