Portrettintervju med Siv Saure

Siv Saure jobbar som terminolog i Utanriksdepartementets eining for EØS-omsetjing. Der har ho mellom anna ansvar for UDs EU-termbase, som du kan lese meir om i spalta Smakebiter fra nordiske termbaser.

Kva er det beste med jobben din?

Eg har bakgrunn som omsetjar, og det eg likte best med omsetjingsarbeidet, var å grave meg ned i terminologispørsmål, sjølv om det sjeldan var god nok tid. Det får eg lov til å drive med nesten på heiltid no.

Kva for utdanning har du etter vidaregåande skule?

Eg har ein BA i kultur- og samfunnsvitskap frå UiB med spesialisering i engelsk som omfattar eitt år med engelsk fagspråk og omsetjing frå NHH. Eg er òg statsautorisert translatør.

Kva var favorittfaget ditt på barneskulen?

Norsk, men mest fordi vi spelte teater i norsktimane.

Kvifor er arbeidet med terminologi viktig?

For oss i eininga for EØS-omsetjing er det heilt avgjerande å jobbe systematisk med terminologi fordi vi er mange som omset tekster som er knytte til kvarandre. Men generelt er terminologi viktig for å kunne kommunisere rett. Rett ord på rett plass gjer det enklare å formidle rett bodskap.

Om du kunne velje eit anna yrke, kva for eit ville du valt, og kvifor?

Eg let meg imponere av gode journalistar, så kanskje det kunne vore eit alternativ, men eg trivst for godt med det eg gjer no, til å vilje byte yrke.

Kva les du helst på fritida?

Det blir litt for lite langlesing på fritida, men eg les mykje nyheiter og er heller ikkje framand for å gje meg i kast med ein god krimroman no og då.

Kva er favorittermen din?

Det er kanskje ikkje den mest oppløftande termen, men eg har eit litt spesielt forhold til termen skrantesjuke, som er avløysarord for den engelske termen chronic wasting disease. Tidlegare brukte vi berre den engelske termen i tekstene våre, men då sjukdommen vart påvist i Noreg i 2016, fekk den norske termen raskt fotfeste. Grunnen til dette litt sære forholdet er at det var systera mi som først påviste skrantesjuke i Noreg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.12.2022 | Oppdatert:20.12.2022