Nyheter

Standardar om terminologi

I år kom NS-ISO 704 Terminologiarbeid – prinsipp og metodar i ny og oppdatert utgåve. Standarden fastset dei grunnleggande prinsippa og metodane for arbeid med terminologi. Standarden beskriv koplinga mellom referentar, omgrep, definisjonar og termar. Han fastset prinsipp for skriving av definisjonar og for danning eller val av termar. Standarden er foreløpig berre tilgjengeleg på engelsk, men vil kome i nynorsk versjon på nyåret. Standarden er til sals hos Standard Norge.

Forvaltningsstandard for begrepsbeskrivelser kom òg i ny utgåve i 2022. Standarden er del av referansekatalogen for IT-standardar, som er ei oversikt over IT-standardar som er obligatoriske eller tilrådde for offentleg sektor i samband med arbeidet med digitalisering. Forvaltningsstandarden for omgrepsbeskrivingar er ein tilrådd standard som beskriv kva for element som skal og kan takast med når offentlege verksemder dokumenterer eller beskriv omgrepa og omgrepssamlingane sine.


Nordterm 2023

NORDTERM logoI 2023 er det Sverige som er vertskap for Nordterm-konferansen, som denne gangen vil være et felles arrangement mellom Nordterm og Nettverket for språknemndene i Norden (NSN). Arrangementet finner sted i Stockholm 14. og 15. juni, og temaet for konferansen er «Terminologi i samfunnets tjeneste».

Hvis du vil holde innlegg på konferansen, må du sende inn et sammendrag (abstract) senest 15. februar. Dette sender du inn via konferansens nettside. Her vil det også komme mer informasjon om blant annet påmelding og program.


Termportalen har fått nasjonalt fagråd

Termportalen, den nasjonale portalen for terminologi ved Universitetet i Bergen, har fått sitt eige nasjonale fagråd. Rådet skal sikre at Termportalen får innspel frå sentrale fagmiljø, forvaltningsorgan og brukarar av terminologi til arbeidet med å utvikle og forvalte portalen. Rådet hadde oppstartsmøte ved Universitetet i Bergen i august i år, og framover skal dei møtast to gonger i året.

Språkrådet er sekretariat for fagrådet og nemner opp medlemmer i samråd med Termportalen. Fagrådet skal ha åtte medlemmer, og dei skal normalt nemnast opp for to år.

Fagleg leiar for Termportalen, Marita Kristiansen, seier det er viktig å ha eit fagråd som kan gi Termportalen innspel, råd og innsikt ut frå den fagspråklege kompetansen medlemmene har.

– Det gir oss eit meir solid fundament å byggje utviklinga av Termportalen og arbeidet vidare på, både når det gjeld innspel til den tekniske løysinga, og når det gjeld kva som er viktige fagområde å utvide Termportalens terminologi på.

Som døme på ein situasjon der dei har nytte av konkrete innspel, nemner Kristiansen at dei er i ferd med å skulle lansere eit heilt nytt søkjegrensesnitt for portalen.

– For å sikre eit best mogleg søkjegrensesnitt er det viktig med tilbakemeldingar, og her håper me at fagrådet kan spele ei rolle. Me treng òg å diskutere kva som skal til for at ein språkleg ressurs er ein terminologisk ressurs som skal inn i Termportalen. Det er viktig å fastsetje kvalitetskrav som går på innhald, kva datakategoriar som skal vere med, og så vidare. Slike problemstillingar vil det òg vere godt å kunne diskutere i eit større nasjonalt fagleg forum.

Direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, peikar på at fagrådet utvidar det faglege grunnlaget for Termportalen.

– Fagrådet bidrar med eit viktig utanfråblikk og har ekspertise, erfaringar og perspektiv som supplerer kompetansen som finst ved Termportalen. Slik er rådet med på å leggje til rette for at Termportalen kan bli ein ressurs som dekkjer behova for terminologi i alle sektorar av samfunnet.

Fagrådet er sett saman for at det skal representere ulik fagspråkleg kompetanse og ulike sektorar og organ der terminologi spelar ei viktig rolle. Det er òg viktig å få med sentrale brukargrupper, og rådet har derfor ein student og ein fagomsetjar. Rådet har i dag desse medlemmene:

  • Gisle Andersen (Noregs handelshøgskole)
  • Magnus Dybdahl (Norsk studentorganisasjon)
  • Siv Saure (Utanriksdepartementet)
  • Ragnhild Tungesvik (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse)
  • Geir Vikan (Statsautoriserte translatørers forening)
  • Ole Kristian Våge (Direktoratet for e-helse)
  • Jim Yang (Digitaliseringsdirektoratet)

I tillegg skal det nemnast opp ein medlem frå Standard Norge.


Termbasar på flyttefot frå Språkrådets termwiki til Termportalen

Universitetsbiblioteket i Bergen

 

Denne hausten har fire av termbasane i Språkrådets termwiki blitt flytte til Termportalen. Dette gjeld kjemitermbasen, klimatermbasen, astronomitermbasen og termbasen for celle- og molekylærbiologi.

Bakgrunnen for flyttinga er at Termportalen er i ferd med å bli bygd opp som ein nasjonal portal for terminologi. Termportalen skal bli ein felles inngang til norsk terminologi på tvers av fag og sektorar, og da er det viktig at også basane som Språkrådet forvaltar, er tilgjengelege der.

I termwikien finn ein framleis termane som var der da basen vart flytt, men nytt innhald blir berre lagt til i Termportalen.

Tidleg i 2023 vil Termportalen lansere ei heilt ny søkjeside med forbetra brukargrensesnitt, slik at termane vil vere enklare å finne fram til enn på nettsida som er der i dag.

Planen er at alle termbasane som Språkrådet forvaltar i termwikien, etter kvart skal flyttast til Termportalen.


Slik arbeider en termgruppe

Noen av medlemmene i termgruppa for celle- og molekylærbiologi sammen med utvikleren i Termportalen.

Lurer du på hvordan en termgruppe jobber? Da bør du lese artikkelen Slik utvikler vi norske fagtermer i celle- og molekylærbiologi i Tidsskrift for den norske legeforening.

Der kan du blant annet lese om hvordan terminologiarbeidet fører til interessante faglige diskusjoner. For eksempel kan definisjonene som de enkelte termgruppemedlemmene forbereder til et møte, se gode og dekkende ut på papiret, men bli betydelig endret etter grundige diskusjoner i gruppa.

Artikkelen er en omarbeidet og forkortet versjon av artikkelen Et kappløp for norsk fagspråk i boka Helsespråk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.12.2022 | Oppdatert:02.01.2023