Smakebiter fra nordiske termressurser

På nettstaden til Tidsskrift for Den norske legeforening (Tidsskriftet) finn du ei ordliste over tilrådde skrivemåtar for medisinske ord og nemningar.

Tidsskriftet starta allereie i 1960-åra arbeidet med ei intern ordliste for å standardisere den redaksjonelle revideringa av manuskript, og i 1973 kom ordlista i ei trykt utgåve på 16 sider. Ordlista vart revidert fleire gonger, og i 1985 hadde ho ca. 1500 ord med tilrådd skriveform. I 1997 kom det ei utvida utgåve som vart den siste trykte utgåva, og denne inneheldt om lag 3000 ord og vart òg gjort tilgjengeleg på nettet.

I 1990 vart ei språkspalte starta i Tidsskriftet. Bak denne spalta stod Magne Nylenna, som var redaktør i Tidsskriftet frå 1987 til 2002, og som no er ein av redaktørane av boka Helsespråk. I språkspalta kan alle som har noko på hjartet om helsespråk, få spalteplass. Viss redaksjonen er samde i synspunkta som blir fremja her, blir det lagt til ei lenkje til artikkelen i ordlista.

Språkspalta inneheld informasjon og debatt om medisinsk terminologi. Her blir nye medisinske omgrep presenterte, og artikkelforfattarane blir oppmoda til å bidra med kommentarar til omgrepsutvikling og termbruk på eigne fagområde. I tillegg inneheld språkspalta artiklar om språkhistoriske og etymologiske betraktningar og spørsmål av meir allmennspråkleg karakter.

I 2015 vart Gruppe for norsk medisinsk fagspråk etablert av Erlend Hem, som er tidlegare redaktør av språkspalta, og som du kan lese meir om i portrettintervjuet i denne utgåva av Termposten. Språkrådet er fast medlem av gruppa, som er sett saman av elleve medlemar med bakgrunn frå medisin, andre helsefag og språkfag. Gruppa arbeider for å styrkje bruken av norsk i helsefaglege samanhengar. Opphavleg var gruppa tenkt som eit forum for drøfting av språkspalteartiklar, men desse diskusjonane fekk tidleg ei underordna rolle, og meir prinsipielle spørsmål har fått plass. Rett nok kan ein term som er diskutert i gruppa, nokre gonger bli omtala i språkspalta og deretter innlema i ordlista, men først og fremst er ordlista utarbeidd av manusredaktørane i Tidsskriftet, basert på dei daglege erfaringane dei gjer med manusa.

I boka Helsespråk kan du lese meir om arbeidet med norsk medisinsk fagterminologi i Tidsskrift for Den norske legeforening. Du finn òg ein eigen artikkel om Gruppe for norsk medisinsk fagspråk. Boka inneheld i alt 23 kapittel av 25 forfattarar, som omtalar ulike sider av helsespråket.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.06.2021 | Oppdatert:21.06.2021