Kva språkansvar skal kommunane ha?

No image

Den nye storkommunen Ålesund, som ikkje kjem på kartet før i 2020, har allereie lagt ein solid språkplan.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Nye Ålesund kommune består av Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund kommunar, som er fire nynorskkommunar og éin språknøytral kommune. Dei fem kommunane skal vera likeverdige i den nye storkommunen, og da har språket vore eit viktig forhandlingspunkt. I intensjonsavtalen for nye Ålesund kommune er det nedfelt reglar for språkbruk: Kommunen skal mellom anna bruke nynorsk i utforming av nettsider og informasjonsmateriell. Dei tilsette kan elles bruke bokmål i det daglege arbeidet sitt.

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal (Ap) er ordførar i Ålesund kommune og leiar av fellesnemnda for den nye kommunen. Ho er svært oppteken av at det faktisk blir likeverd mellom dei fem partane som har delteke i forhandlingane.

– Nynorsken blir eit kitt eller lim som får den nye organisasjonen til å henge saman. Eg trur språkvalet er eit viktig signal for dei kommunane som har vore redde for «store, tygge Ålesund». For dei andre kommunane vil språkvalet verke tryggjande. I tillegg byggjer vi noko heilt nytt saman.

Nye Ålesund kommune fekk prisen Årets nynorskkommune 2019 for det medvitne språkarbeidet som er gjort i samanslåingsprosessen. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at storkommunen har ei raus og demokratisk innstilling til språk.

Nynorsken treng å bli brukt for å utvikle seg i takt med samfunnet.

– Alt har stått på spel i denne prosessen. Nye Ålesund kommune har fått både namnet og kommunevåpenet frå noverande Ålesund kommune og dessutan den sentrale administrasjonen og den politiske leiinga. Mykje i den nye kommunen er arv frå den største kommunen, da er det viktig at vi tek språkvala i dei andre kommunane på alvor, seier Aurdal.

Alle kommunar har eit ansvar

Direktør Åse Wetås i Språkrådet meiner alle kommunar bør ta eit stort språkleg ansvar for innbyggjarane sine. Dersom kvar enkelt skal få rettane sine varetekne, må kommunane ha ein språkbruksplan og ein aktiv språkpolitikk.

– Same kva språkval kommunen har gjort, treng kommunen ein språkleg strategi. Det er fordi språk er særs viktig for kvar og ein av oss, og ein må ha tilgang til språk for å kunne delta i lokaldemokratiet.

Denne hausten har Kulturdepartementet sendt eit forslag til språklov ut på høyring. Her er det mellom anna føreslått at fylkeskommunane skal følgje dei reglane i mållova som i dag berre gjeld statsorgan. Det er ein naturleg konsekvens av at statlege oppgåver blir flytte ut til fylkeskommunane. Wetås støttar det nye forslaget.

– Dette er eit viktig element i den nye lova. I staden for at fylkeskommunane skal velja ei målform som dei vil ta imot informasjon frå staten på, skal dei ha språklege plikter overfor innbyggjarane.

Har tillit til lokaldemokratiet

Nye Ålesund har gjort eit godt arbeid, og partane har vore rause og funne løysingar som tek vare på det minst brukte skriftspråket, meiner Tor Arne Gangsø, som er arbeidslivsdirektør i KS.

– Språklova legg opp til eit sterkare vern av minoritetsspråka. Spørsmålet er om det er staten eller lokale styresmakter som skal ha ansvaret for dette vernet. Sett frå synsstaden vår er nye Ålesund eit godt døme på at lokaldemokratiet tek ansvar for språk.

Gangsø har tidlegare vore rådmann i fleire kommunar og leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar. – Når ein leier store organisasjonar, må ein ha eit sterkt språkleg medvit, seier han.

– Det å skapa godt språk er ei utfordring i seg sjølv, anten det er bokmål eller nynorsk. Erfaringa mi som nynorskbrukar er at ein må ha eit enda sterkare medvit når ein vel å bruke minoritetsspråket.Vi må snakke om språk kvar dag og skapa stoltheit rundt det vi driv med. Da får vi det til. Men det skjer ikkje av seg sjølv.

Gangsø understrekar at det som leiar er viktig å ta språkansvar, og at ein må bruke ressursar på språk.

– I jobben min har eg ein ambisjon om å skapa godt språk, men eg kan ikkje begynne å rette og gå gjennom all tekst sjølv. Vi må bruke ressursar på å gjera folk trygge. Vi må bruke språket og la folk oppleva språkglede. Vi må ha ei god grunnopplæring der nynorsk blir eit populært språk, og ikkje noko som folk føler blir tvinga på dei.

Trur på kunnskap

Eva Vinje Aurdal meiner at språket har vore eit viktig forhandlingspunkt i kommunereforma. Samtidig ser ho på språkvalet i kommunane i eit større perspektiv.

– Dette handlar om meir enn Ålesund, det handlar om framtida til nynorsken. Det er viktig at vi gjer det vi kan. Nynorsken treng å bli brukt for å utvikle seg i takt med samfunnet. At nye Ålesund bidreg og får så mykje merksemd, forpliktar oss.

Om Aurdal skal koma med eit tips til andre kommunar i liknande situasjonar, rår ho dei til å gjeva tydeleg informasjon.

– Vi opplevde at det var vanskeleg å nå ut med god informasjon om kva det inneber at Ålesund skal bli ein nynorskkommune. Om eg hadde visst det, ville eg fått ut meir informasjon på eit tidlegare tidspunkt. Eg trur at kunnskap hjelper mot alt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2019 | Oppdatert:22.03.2022