Kort om forkortingar

Korleis er det med desse forkortingane? Skal dei t.d. skrivast med eller utan punktum? Her finn du svar på nokre vanlege spørsmål m.m.

Eittordsforkortingar

Det skal vere punktum i dei fleste forkortingar av enkeltord:

  • s. side
  • g. gate
  • et. etasje
  • ca. cirka
  • jf. jamfør
  • nr. nummer
  • offl. offentleglova/offentlighetsloven
  • fvl. forvaltningslova/forvaltningsloven
  • gnr. gardsnummer/gårdsnummer
  • mva. meirverdiavgift/merverdiavgift

Fleirordsforkortingar

Eitt eller fleire punktum?

Det skal i utgangspunktet vere eitt punktum i fleirordsforkortingar:

  • dvs. det vil seie / det vil si
  • el. eller
  • mfl. med fleire / med flere
  • mv. med videre (bokmål)
  • ofl. og fleire / og flere
  • osv. og så vidare / og så videre
  • pga. på grunn av
  • iht. i henhold til (bokmål)

Unntaket er fleirordsforkortingar som utan punktum ville ha likna på eit ord eller ei anna forkorting:

  • bl.a. blant anna / blant annet
  • d.å. dette år(et)
  • e.l. eller liknande / eller liknende
  • f.eks. for eksempel
  • m.a.o. med andre ord
  • o.l. og liknande / og liknende
  • m.m. med meir / med mer

Når eit ord med forkortingspunktum står sist i ei setning, set vi berre eitt punktum:

  • Du må finne ein kvist e.l. Det vil løyse problemet.

Mellomrom eller ikkje?

Det skal ikkje vere mellomrom mellom bokstavane i fleirordsforkortingar:

  • bl.a. (ikkje bl. a. eller bl a)
  • f.eks.
  • m.a.o.

Unntak frå hovudregelen

Det skal ikkje vere punktum i

  • forkortingar for mynt mål og vekt:
    kr; km, cm, mm; kg, g; l, dl
  • forkortingar for namn på grunnstoff og kjemiske sambindingar:
    He, O, H2SO4 , HCI
  • initialord:
    CV/cv, PC/pc; NRK, USA, EU

Dersom initialordet er eit særnamn og blir uttalt som eit vanleg ord, kan ein velje å bruke berre stor forbokstav: NATO/Nato, EFTA/Efta, SINTEF/Sintef, UNESCO/Unesco/, KRIPOS/Kripos.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.10.2019 | Oppdatert:22.03.2022