Ta vare!

Stadig fleire skriv og seier «Ta vare!». Det minner om det engelske «Take care!». På norsk verkar det amputert. Kan det vera rett å bruka det?

Dette er mest eit spørsmål om stilval, sjølv om «Ta vare!» skurrar grammatisk for mange.

Amputasjonen er ikkje verre enn den vi finn i Ha det! for Ha det bra!, men det er mykje som talar for å velja andre uttrykk.

Omsetjingslån – ver varsam!

Den kraftige spreiinga av uttrykket i seinare tid tyder på at dette er eit omsetjingslån av Take care! Merk at det meir fullstendige «Ta vare på deg sjølv» heller ikkje var vanleg før. Ikkje eingong Pass på deg sjølv! var det.

Det er ikkje noko i vegen for å ta omsetjingslån inn i språket, så sant dei ikkje trengjer ut dekkjande uttrykk som finst i norsk frå før. Folk får sjølv vurdera om det er verdt å ta i bruk «Ta vare!» privat, men dei bør ta med i vurderinga at uttrykket kan verka irriterande på meir tradisjonsbundne språkbrukarar. Språkrådet vil til dømes ikkje rå statstilsette til å skriva «Ta vare!» i offentleg kommunikasjon.

Tradisjonell norsk: åtvaringar og helsingar

Åtvaringvarsemd og andre ord og uttrykk med den slags varleik er eldgamle i norsk, men vi brukar ikkje vare nett slik dei nyttar care på engelsk. Uttrykka Ta deg i vare!, Ver varsam!, Far varleg/varsamt! fungerer helst som spesifikke åtvaringar eller oppmodingar på line med Pass deg! og Akta deg!, ikkje som generelle avskilshelsingar. Eit særmerkt unnatak er det trøndske «Itj fårrå nålles!» (= «Ikkje far nokoleis», altså ‘ikkje kom ut for skade på noko vis’).

Til vanleg avskil har vi nytta alt frå Far vel! og Lev vel! til Ha det godt/bra! og i nyare tid særleg det amputerte Ha det! Etter sjukdom og skade seier vi sjølvsagt God betring! Men i gamle dagar må helseaspektet ha vore meir framme, elles hadde det ikkje heitt helsing. Med ta vare har vi fått ei ny helse-helsing. Om ho trengst, er ikkje godt å seia. Førebels rår det meir usentimentale uttrykket Vi snakkast! Ein kan vel seia at ynsket om god helse ligg implisitt i det.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.11.2020 | Oppdatert:25.01.2021