Historia bak: Ord av tre

No image

Ask, bøk og buksbom er treslag som har sett tydelege spor i språket vårt.

Av trenamnet ask har me fått orda eske, øskje og ask, som viser til bruksgjenstandar laga av asketreet. Av bøk har me fått orda bok (fleire bøker) og bokstav. Og av det gamle greske ordet for buksbom (pyxos) har me via engelsk fått ordet boks, som frå først av var ei ‘eske av buksbom' (pyxis). Både eske, bok og boks var altså opphavleg ting av visse sortar tre.

Ask og bøk/bok er norske arveord. I norrønt var askr forutan sjølve treet fleire ting med opphav i treet: eit spyd, ein kopp, ein dåse – og den første mannen, Ask, laga av ein askestamme.

Me tenkjer oss at dei i gammal tid rissa runer i plater eller tavler av bøk, som er eit hardt treslag. Runene vart kalla stavar. Bokstav er slik sett bøke-rune, men ordet vart tidleg brukt om teikna i det latinske alfabetet til skilnad frå runer.

Bokfinken kan få siste ordet. Denne trekkfuglen har nok ikkje fått namnet sitt fordi han likar å lese bøker (som ein bokorm), men heller fordi han likar bøkenøtter.

 

-- Av Marit Hovdenak, tidlegare seniorrådgjevar i Språkrådet.
Artikkelen er ei kortform av språkspalta i Romsdals Budstikke 13. juni 2020.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.11.2020 | Oppdatert:25.01.2021