Rovdyra våre og namna deira

No image

Vi gjer eit sveip over rovpattedyr i den norske faunaen med etymologisk harelabb. Når vi rekkjer namnespora etter dyra bakover, finn vi tilvisingar til utsjånad, åtferd og habitat. Men somme spor kverv i forhistoria eller ut or landet.

Namna bjørn og jerv høyrer til fargeriket. Bjørn, norrønt bjǫrn, har nok tydd ‘den brune’ ein gong i tida. Det var i så fall eit tabunamn. Ein var redd det rette namnet, som er tapt, skulle lokke fram dyret, så ein brukte namnet på fargen i staden. Det var ein liknande otte som låg under då ulven fekk namn som varg, skrubb og gråbein

Jerven er nærmast namnebror til bjørnen, for ‘brun’ heitte òg jarpr på norrønt. Fuglen jerpe har òg namnet herifrå. Vi kan ta med ein gnagar på dette laget, nemleg beveren, som reint språkleg er i slekt med bjørnen. Hadde det ikkje vore for påverknad frå mellomlågtysk (der det heitte bever), hadde han forresten heitt bjor, som vi finn i mange stadnamn.

Grevling har òg lågtysk opphav. Namnet heng saman med å grave, som ein skulle vente. Ilder kjem frå lågtysk via dansk, medan mink kjem frå engelsk. Stort meir veit vi ikkje om desse namna.

Gaupe-namnet går attende til norrønt gaupa og skal ha samanheng med gane ‘gap’. Oteren, norrønt otr, har òg eit eldgamalt namn – det er i slekt med vatn og viser sjølvsagt til kvar dyret trivst best. Bortsett frå t-en i oter og vatn er alle spor av samanheng mellom orda vaska bort av språkutviklinga.

Desse tre kjenner vi det norrøne namnet på: ulv (ulfr), rev (refr) og mår (mǫrðr). Det er mogleg at reven høyrer til på fargelaget (’raudbrun’), men bakgrunnen for dei andre namna er meir uviss.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.12.2018 | Oppdatert:26.01.2021