Språkprosjektet som sette spor

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

I år er det 100 år sidan tilnærminga mellom dei to norske målformene for alvor starta, med rettskrivingsreforma av 1917. I den nasjonale bølgja som prega landet den gongen, låg mykje til rette for at Noreg skulle få eit fellesnorsk skriftspråk. Både i riksmålsrørsla og blant målfolk var det mange som var positivt innstilte til å møtast «på midten». Men slik kom det ikkje til å gå.

1917-reforma la opp til ei forsiktig og gradvis tilnærming mellom målformene. Som de kan lesa om i dette bladet, står ho i ettertida fram som ei på mange måtar svært vellukka reform. Folket tok imot mange av dei lite radikale endringane med opne armar. Når det gjeld dei meir radikale forandringane, var saka ei anna. Då desse vart obligatoriske med 1938-reforma, vart motstanden større enn ein trudde.

Det er fleire grunnar til at samnorskprosjektet kollapsa enn 1938-reforma i seg sjølv. Likevel kan me læra for ettertida at grunnleggande og småe rettskrivingsendringar blir tekne betre imot enn store og radikale. I så måte er 1917-reforma eit godt føredøme.

Trass i at samnorsken aldri vart noko av, har tilnærmingslina og forsøka på å meisla ut eit samnorsk skriftspråk sett djupe spor i både det norske språket og den norske språksituasjonen. Dei spora lever me med, anten me liker det eller ikkje.


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.11.2017 | Oppdatert:27.01.2021