Å skrive med eit mål

Språk er leik. I alle fall for ein forfattar. Og skriving handlar i stor grad om å gå dit språket ber deg. I eit forsøk på å setje saman ord, setningar og avsnitt kan du ende opp ein heilt annan plass enn du hadde sett for deg. Det er språket som ber skrivinga.

AV NORA ASCHIM, forfattar, skodespelar og litteraturformidlar

Nora Aschim | Foto: Heidi FurreMitt eige språk har blitt forma av målforma eg vaks opp med. I kommunen eg kjem frå, var det bokmål som var det gjeldande målet. Da eg var lita, var ikkje nynorsk eit tema, berre noko eg visste kom da eg skulle byrje på ungdomsskulen. Da eg vart litt eldre, opplevde eg nynorsk som ein nisje. Det var nær eit «statement» å skrive nynorsk i kretsen min.

Fleire av mine jamgamle uttrykte stor misnøye med å lære å skrive nynorsk i skulen. Dei hata det. Det var noko urettferdig og kjedeleg lærarane og Stortinget hadde prakka på dei, som dei opplevde som fullstendig unødvendig. Som dotter og barnebarn av norsklærarar blei eg oppgitt over dette hatet mot nynorsk. Kunne det verkeleg vere så ille å lære seg eit anna skriftspråk?

Eg tenkte eg skulle vise at nynorsk ikkje trong å vere så ille. At det var mogleg å skrive nynorsk utan å vekse opp med det. Eg hadde ikkje nødvendigvis eit ønske om at andre skulle sjå at eg kunne skrive nynorsk, men eg ville vise det for meg sjølv. Da eg verkeleg bestemte meg for å bli ein nynorskbrukar, var det ikkje nynorskundervisninga og lekser som hjelpte meg på vegen. Det var min eigen leik med språket, mitt eige forsøk på å skrive som gjorde at eg lærte meg språket.

Eg tenkte aldri at det hemma skrivearbeidet mitt å berre bruke eitt mål, og eg fann stor skrive- og språkglede innanfor språkrammene eg hadde vakse opp med. Men på eit tidspunkt byrja eg å skrive nynorsk, og da skjedde det noko med språket mitt. Ettersom eg ikkje hadde stor erfaring med å skrive nynorsk, måtte eg i stor grad prøve og feile før eg fekk kontroll på språket. Og dette kravde nye måtar å tenkje språk på – med ei leiken tilnærming.

Kjensla av å ha lært eit nytt språk gav meg meistring. Eg opplevde at eg meistra både skriving og språk betre ved å veksle mellom dei to målformene. Det var som om eg hadde knekt ein kode, at eg hadde fått ei ny verktøykasse i skrivinga. Eg hadde plutseleg dobbelt så mange ressursar.

Skriving er ein prosess, og det krev mykje arbeid å skrive ein god skjønnlitterær tekst. Når eg skriv, må eg leite fram teksten. Han finst ein plass i hovudet mitt, og eg må prøve å skrive han ned. Det kan vere lett eller vanskeleg å få ned orda eg leitar etter, på papir, og her kan målforma eg brukar, vere eit viktig verktøy. Somme gonger er det lettast å skrive på målet eg kjenner best, andre gonger kan nynorsk gjere heile leiteprosessen mykje enklare.

Det botnar hovudsakleg i gleda ved variasjon. Dei færraste vil vere i det same for lenge. Og om eg jobbar i det same for lenge, blir arbeidet ikkje lenger fruktbart. For meg var det å veksle mellom å skrive tekstar på bokmål og nynorsk ei god løysing på dette. Eg blei meir inspirert av å ha to ulike språk eg kunne gå ut og inn av, som eg samstundes opplevde som «mine» språk. For meg hadde det ikkje vore det same å skrive på engelsk eller eit anna framandspråk, da eg ikkje kjenner tilhøyrsle i desse språka. For at det eg skriv, skal kjennast som mitt, må eg skrive innanfor språkrammer som er naturlege for meg.

Eg kan «finne meg sjølv» i både nynorsk og bokmål. Begge målformene fell meg naturleg, sjølv om eg rett nok sit flittig med ordboka når eg skriv nynorsk. Sjølv om eg ikkje vaks opp med nynorsk, har eg brukt målet i fleire år no. Å veksle mellom målformene blir meir og meir ein del av den språklege identiteten min.

Tidvis er det som om eg har ei anna røyst i meg når eg skriv nynorsk. Det er ein annan del av meg som vil fortelje enn når eg skriv bokmål. Den eine røysta er ikkje nødvendigvis betre enn den andre, men dei er gode til kvar sine ting. Dei er gode til å hente fram alle delar av meg som kan skape noko nytt.

Eg meiner ikkje at nynorsk eignar seg betre til å skrive dikt og bokmål til å skrive romanar. Men eg trur at enkelte dikt treng å vere skrivne på nynorsk, og enkelte romanar gjer seg best på bokmål, og omvendt. Det kjem an på kva uttrykk teksten ber om, og kva du vil uttrykke som forfattar. Det hadde hemma skrivinga mi om eg skulle presse eit nynorskprosjekt inn i eit bokmålsuttrykk. Målforma er knytt til heile tankeprosessen skrivinga bygger på.

Dei ulike målformene har ulike moglegheiter. Kvart mål har si setningsoppbygging, sine ord og lydar, sine rørsler. Å skrive på det eine målet kan kjennast som å setje på ein song og danse seg gjennom språket. Kvart mål har kvar si speleliste, kvar sin estetikk. Og gjennom å skrive på ulike språk kan eg finne ulike uttrykk og stemningar som passar den teksten eg prøver å skrive, på ein god måte. På same måte som ein skjønnlitterær tekst har eit potensial til å bli god, har dei ulike målformene potensial til å vere byggeklossar for gode tekstar.

Som ung forfattar er ikkje røysta eller skrivestilen min sett. Eg er framleis i rørsle, på jakt etter mitt eige uttrykk. Og det kan hende at eg endar opp med fleire røyster, ikkje berre éi. Men eg trur jakta på mitt eige språk og uttrykk vil gå enklare når eg vekslar mellom målformene. Eg får moglegheita til å nærme meg språket på ein ny måte, samtidig som eg får distanse gjennom å vere i noko anna ei stund.

Sjølv om eg har eit håp om å få ei tydeleg røyst som forfattar, håpar eg leiken med språk aldri tek slutt. Eg vil finne alle krumspring og vendingar språket har å tilby. Og eg har ei tru på at om eg held fram med å bruke to målformer, vil sjansen for å kunne bli verande i leiken større. Det er meir å ta av, fleire vegar å gå. Eg har trua på at språket er utømmeleg og evig, berre eg let det vere slik. Eg må ikkje forsøke å eige språket for mykje, da blir poenget fort borte. Språket skal vere levande, det skal vere i rørsle. Det er slik eg vil skrive.

---

NORA ASCHIM (f. 1998) er forfattar, skodespelar og litteraturformidlar. Ho har skrive romanen Edel (2021), boksingelen Katt venter på Dag Solstad (2020) og diktsamlinga Unngå øyekontakt (2017). Aschim fullførte ein bachelorgrad i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo i 2019.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.10.2021 | Oppdatert:22.03.2022