Språknøytrale kommunar kan òg få pris
Prisen «Årets nynorskkommune» treng ikkje lenger å gå til ein nynorskkommune. No opnar Kulturdepartementet for å inkludere språknøytrale kommunar som legg godt til rette for nynorskbruk.
– I språknøytrale kommunar hamnar nynorsken ofte i ein utsett posisjon. Føremålet med prisen er å trekkje fram kommunar som er gode førebilete i arbeidet for å styrkje nynorsken. Her har også nøytrale kommunar gjort mykje godt språkarbeid. Difor kan årets nynorskkommune like gjerne vere ein nynorskvenleg nøytral kommune, seier seksjonssjef Margrethe Kvarenes i Språkrådet.
Godt arbeid i kommunereforma
Prisen går til ein kommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket. I vurderinga vil juryen leggje ekstra vekt på eit godt og medvite arbeid for å sikre nynorsken i kommune- eller fylkesreforma.
– Det er viktig å løfte fram og rose kommunar som fremjar nynorsk. På denne måten er dei med på å sikre at nynorsk blir brukt på alle område i samfunnet, seier Kvarenes, som leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.
No kan alle nominere kommunen sin
Tidlegare har kommunane sjølve måtta søkje om å vere med i tevlinga. I år inviterer Kulturdepartementet til ein nominasjonsprosess, for å gjere prisen meir tilgjengeleg. Alle som er stolte av nynorskarbeidet i kommunen eller fylkeskommunen sin, kan nominere ein kandidat til årets nynorskkommune.
– Vi håpar at ordførarar, tilsette i kommunane og innbyggjarar blir med på å nominere, seier Kvarenes.
Den heldige vinnaren får 100 000 kroner. Det er fullt mogeleg å nominere kommunar eller fylkeskommunar som har vore med før. Nominasjonar for 2019 kan sendast inn innan 1. oktober.