Her får du passet ditt påskrive
Det er jo fint å ha mange stempel i passet – om ein ikkje lir av flyskam, da. Så kvifor er det negativt å få passet sitt påskrive?
Årsaka er at det er ikkje snakk om den slags pass som vi i dag tar med til utlandet. Det handlar om pass i den gamle tydinga ‘skotsmål, attest’.
Rett nok er det ein samanheng mellom dei to typane pass. Og opphavet til begge er italiensk passaporto, som opphavleg tyder ‘løyve til å passere hamna’.
Passet som blei påskrive, er løpepass. Eit slikt pass fekk tenestefolk påskrive før dei blei oppsagde og kunne dra vidare. Handverkssveinar og soldatar fekk òg avskilspass. Uttrykket å gi nokon løpepass kan brukast om ‘å seie opp’ eller ’å kvitte seg med’ nokon.
Ein attest kan saktens vere god, men å få passet påskrive er blitt nokså einsidig negativt, jf. artikkelen pas i Ordbog over det danske Sprog:
faa sit skudsmaal udtrykt med tydelige, især dadlende ord; blive dadlet, gennemheglet (for udviste fejl)
Uttrykket står forresten ikkje i ordboka over moderne dansk, Den Danske Ordbog. Ein seier heller berre: få læst og påskrevet ’få en alvorlig irettesættelse eller kritik’. Dette kunne opphavleg òg handle om andre dokument enn pass.