Språkleg unntakstilstand?

No image

Koronapandemien har endra kvardagen. Og når samfunnet rører på seg, då gjer ofte språket det same. Språknytt har sett på koronaspråket – frå tre ulike vinklar.

AV LARS IVAR NORDAL

KLARSPRÅKSDOKTOREN
Kven: Ida Seljeseth, stipendiat ved Universitetet i Oslo

Ida Seljeseth | Foto: Universitetet i OsloSjeldan har vel klar og tydeleg kommunikasjon frå styresmaktene vore viktigare enn no. Me har spurt ein ekspert på klart språk korleis ho synest krisekommunikasjonen har vore.

Det er torsdag 12. mars 2020. I ein pressekonferanse varslar statsminister Erna Solberg omfattande tiltak for å få kontroll på spreiinga av det nye koronaviruset:

Kjære alle sammen

Vi står i en vanskelig tid for Norge og for verden. Norge blir satt på en stor prøve, både som samfunn, men også vi som enkeltmennesker. I denne perioden som vi har foran oss, vil alle få en annerledes hverdag. De drastiske tiltakene vi nå iverksetter, gjør vi i håp om å stanse viruset.

– Første gong eg såg pressekonferansen, opplevde eg at det tok lang tid før eg fekk svar på det eg lurte på, nemleg om skulane måtte stenge eller ikkje. Men når eg ser pressekonferansen med eit fagleg blikk, ser eg at Solberg bruker lang tid på grunngjevinga, for slik å legitimere dei strenge tiltaka som vart sette i verk.

Det seier Ida Seljeseth, doktorgradsstipendiat i klarspråk og partnar i Retorikkbyrået. På oppdrag frå Språknytt har ho studert krisekommunikasjonen til styresmaktene med klarspråksbriller.

– Skal ein kome med det viktigaste først, eller skal ein bruke tid på å forklare kvifor ein seier det ein seier? Det er ei klassisk vurdering i klarspråksarbeid. Eg trur Erna Solberg gjorde eit godt val denne gongen.

Det å oppfordre til dugnad har vore effektivt. Det er eit ord me alle har eit forhold til. Ida Seljeseth, klarspråksdoktor

Ho meiner at Solbergs krisekommunikasjon var tydeleg og «nedpå» under den avgjerande pressekonferansen.

– Ho brukte få fagord og nokre sterke signalord, slik som død, krise og drastisk. Ambisjonen hennar var også tydeleg: å stanse viruset. Og så kommuniserte ho at dette ikkje er ei politisk sak, men ei heilt nødvendig kriseavgjerd i ein unntakstilstand.

Seljeseth har særleg lagt merke til bruken av ordet dugnad.

– Det å oppfordre til dugnad har vore effektivt. Det er eit ord me alle har eit forhold til: Innvandrarar lærer det på norskopplæringa, og mange har sterke kjensler knytte til fenomenet dugnad, både positive og negative. Så det er eit godt ord når ein skal aktivisere innbyggjarane. Ein dugnad er jo ein eigeninnsats til beste for ein sjølv og for fellesskapet. Og det er akkurat det dette handlar om, seier ho.

Helsefaglege råd har vorte svært viktige å kommunisere til befolkninga i virusepidemien me er inne i. Seljeseth meiner at styresmaktene også her i stor grad har lukkast med å kommunisere klart og forståeleg.

– Noko av det viktigaste i ein slik situasjon er å prøve å skape ei felles forståing av situasjonen. Me må vere samde om kva problemet er, og om kva me prøver å oppnå. Deretter er det viktig med tydelege meldingar, i eit språk som fungerer.

Likevel har styresmaktene vore nøydde til å endre og tilpasse enkelte råd. Til dømes skulle me først halde ein meters avstand, så vart det utvida til minimum to meter.

– Når situasjonen endrar seg, må også kommunikasjonen endre seg. Men det er eit dilemma her. For me veit at mange oppfattar ein bodskap som mindre tydeleg når han vert endra og tilpassa slik. På same vis må ein vege omsynet til klar kommunikasjon med andre omsyn. Råda frå helsestyresmaktene er jo råd og ikkje lover. I eit demokratisk perspektiv er det viktig at denne skilnaden er tydeleg for innbyggjarane. For at råda skal ha effekt, må dei verte kommuniserte på ein slik måte at mottakaren vert overtydd og følgjer råda, meiner Seljeseth.

TERMINOLOGEN
Kven: Marita Kristiansen, terminolog og forskar ved Universitetet i Bergen

Marita Kristiansen | Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpixSmittekurve, inkubasjonstid, flokkimmunitet. Marita Kristiansen forklarer kvifor det er om å gjere at terminologien og fagspråket er på plass i koronakrisa.

– Dette er jo ein ekstrem, ny situasjon for alle involverte. Styresmaktene er avhengige av å nå ut til alle, og det er mange sentrale omgrep som innbyggjarane må forstå. Mange helsefaglege termar, som karantene, heimeisolasjon, pandemi og utbrot, har vorte ein del av allmennspråket, nærast over natta.

Det kan kome nye farsotter. Då kan me få bruk for pandemitermane igjen. Marita Kristiansen, terminolog

Marita Kristiansen er terminolog og dessutan fagrådsleiar i Språkrådet. Som terminolog er ho oppteken av at dei norske fagorda skal vere gode og sjølvforklarande. Det synest ho dei stort sett er i koronakommunikasjonen frå styresmaktene.

– Desse termane kjem frå helsevitskapen og naturvitskapen. Under covid-19-pandemien er det difor helsestyresmaktene som har hatt definisjonsmakta over omgrepa og kva termar som skal nyttast. Då må me stole på kva Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet seier, og korleis dei definerer desse omgrepa. Det fungerer ikkje dersom kvar enkelt for seg skal definere kva dei ulike orda tyder, seier Kristiansen.

I terminologisk arbeid set fagekspertane seg saman med terminologar med språkfagleg kompetanse og kjem fram til velfungerande termar og definisjonar. Kristiansen trur ikkje det har skjedd i dette tilfellet.

– Her er det nok fagekspertane som har gjort denne jobben åleine. For det finst ikkje eit sentralt terminologiorgan i Noreg som gjer slikt arbeid. Difor vert termane sannsynlegvis utvikla når ein treng dei, og mykje skjer også når ein bodskap skal formidlast til publikum gjennom media. Då treng ein dei tydelege, norske orda.

I EU er det i større grad eit koordinert terminologisk arbeid. Der er oppdaterte termlister vorte gjorde tilgjengelege under pandemien.

– Då Språkrådet gjekk ut tidleg i pandemien med råd om å skrive korona med k, vart skrivemåten i jamt aukande grad teken i bruk. Det viser at me treng eit fullt ut operativt terminologimiljø som kan stå klar i slike situasjonar, som kan dele termlister og vere ein kunnskapsbase for dei som har behov for det. Men eit slik organ har me dessverre ikkje, seier Kristiansen.

Ho trur at eit grundig terminologisk arbeid kan lette kommunikasjonen i ein krisesituasjon. Arbeidet går ut på å finne definisjonar og semjast om kva noko tyder.

– Då minkar ein sannsynet for at termar som er tvetydige eller uklare, kjem i bruk. Det må liggje eit godt terminologisk arbeid til grunn, termane må samlast, og så må dei gjerast tilgjengelege for alle. Det er særleg viktig i den situasjonen me har i dag, der det er så viktig å få ut rett informasjon til innbyggjarane, seier Kristiansen.

Sjølv om helsetermane har sive inn i daglegspråket, er det ikkje sikkert dei vert verande.

– Me får nesten håpe at pandemitermane forsvinn ut av bruk etter kvart. Men det kan kome nye farsotter, kanskje om fem, ti eller tjue år. Då kan me få bruk for denne terminologien igjen. Og då er det best om termane er samla i søkbare basar.

MÅLKVINNA
Kven: Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom

Gunnhild Skjold | Foto: Ingunn V. Steinsvåg / Norsk MålungdomKoronakrisa har ført til stengde skular over heile landet. 600 000 elevar i grunnskulen har fått undervisning inn i heimen ved hjelp av datamaskin eller nettbrett. Det får språklege konsekvensar.

– Me veit at dette er eit stort problem i den vanlege skulekvardagen. Då skulen vart heildigital over natta, er det all grunn til å tru at problemet vert endå større.

Det seier Gunnhild Skjold i Norsk Målungdom, ein organisasjon som arbeider for rettane til unge nynorskbrukarar. Problemet ho viser til, er den store mangelen på digitale verktøy og læremiddel på nynorsk. Ei spørjeundersøking som nettavisa Framtida.no gjorde rett før skulane vart stengde, viser at 80 % av lærarane på nynorskskular bruker digitale læremiddel og verktøy på bokmål minst ein gong i veka, fordi dei ikkje finst på nynorsk.

Me må ikkje gløyme nynorskelevane i ei tid då dette kanskje ikkje står øvst på hugselista. Gunnhild Skjold, målkvinne

– Lovverket seier at læremiddel i andre fag enn norsk må vere tilgjengelege på både nynorsk og bokmål. Men desse reglane vert ofte ignorerte, seier Skjold.

Men er det ikkje greitt om nynorskelevar bruker verktøy på bokmål eller engelsk av og til?

– Det hadde vore éin ting om dette hende ein gong i blant. Men me veit at det skjer heile tida. Nynorskelevar er i ein særleg sårbar posisjon. Dei møter språket sitt altfor sjeldan utanfor klasserommet. Difor må dei få så mykje nynorsk som mogleg på skulen. Når desse verktøya ikkje finst på nynorsk, er det det motsette som skjer.

Nynorskelevar som kjem i språkleg skvis i nettbrettskulen, er ikkje eit nytt fenomen. For to år sidan gjorde Framtida.no ei liknande undersøking, med same nedslåande resultat. Lærarane på nynorskskular ramsa opp 104 appar som var i bruk i klassane deira. Av desse var berre 15 tilgjengelege på nynorsk.

– Studiar har vist at nynorskelevar får betre standpunktkarakter i bokmål enn i nynorsk. Det seier noko om bokmålsdominansen i det samfunnet elevane veks opp i. Når dei heller ikkje møter språket sitt på skulen, vert bokmålsdominansen forsterka, seier Skjold.

Situasjonen vert heller ikkje betre av at ulike aktørar peiker på kvarandre når det vert stilt spørsmål om kven som har ansvar for å ordne opp. Det er til dømes skuleeigarane, det vil seie kommunane, som kjøper inn læremidla. Kommunane har eit ansvar for å følgje opplæringslova. Men små kommunar har ofte for «små musklar» i møte med store leverandørar av læremiddel, og dei endar då opp med å bruke dei verktøya som er tilgjengelege.

– Nynorskelevane må også møte språket sitt i andre fag enn norsk. Dei må lære matematikk på nynorsk, og ikkje på bokmål eller engelsk. Berre på den måten kan ein sørgje for at dei møter og bruker språket sitt nok til å verte trygge nynorskbrukarar.

Skulen skal gje elevane den digitale kompetansen dei treng for å meistre ein stadig meir digital kvardag. Men kva skal ein gjere når dei digitale verktøya potensielt øydelegg for innlæringa av førstespråket?

– Ein skulle kanskje tru at det er enklare å få omsett eit digitalt verktøy enn ei fysisk bok. Men medan det å omsetje ei bok er ei eingongsutgift, må dei digitale verktøya oppdaterast kontinuerleg. Det krev kontinuerleg språkkompetanse.

– Men dess meir merksemd ein får om utfordringane, dess betre er det. Staten, kommunane og produsentane av læremiddel må ikkje gløyme nynorskelevane, heller ikkje i ei tid då dette kanskje ikkje står øvst på hugselista.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2020 | Oppdatert:25.01.2021