Vi fortel, og vi fortel om att

Kva er det vi gjer når vi omarbeider og lagar nye forteljingar? Og korleis set vi ord på det? Adaptasjon og remediering er evig aktuelt.

AV VILBORG S. HOVET

Jernvognen av Jason, alias John Arne Sæterøy, er ein teikneserieroman frå 2003 med same tittel som ein kriminalroman frå 1909 av Stein Riverton, alias Sven Elvestad. Handlinga går føre seg på Hvaler i eit realistisk miljø. Jason overfører romanen til teikneserie. Historia og miljøet er det same. Til og med spenningstoppane og mange av forteljarknepa er frå romanen. Den største skilnaden er at personane har dyreandlet. Detektiven er hunden som jaktar på haren.

Faksimile (Jason 2003), attgiving med løyve

Jason diktar altså ikkje sjølve forteljinga om, han har skapt ein frittståande, ny versjon. Teikneserien Jernvognen er ei overføring og ei omarbeiding av romanen. Vi kallar det ein adaptasjon.

Adaptasjon er ikkje noko nytt

Adaptasjon er ei kreativ handling med ein estetisk dimensjon. Kunsten er å gjenta utan å kopiere, å fortelje det same på ein ny måte. Kombinasjonen av attkjenning og variasjon appellerer sterkt til oss, meiner den kanadiske litteraturprofessoren Linda Hutcheon.

I levande kulturar er forteljinga ein populær sjanger, og omarbeiding av kjent stoff har alltid vore vanleg. Nye forteljarar tok over, og gammalt stoff vandra i tid og rom. Segner og helteforteljingar blei til viser og dikt, visene blei til danseviser, motiv på vevnader og dekorasjon på vegger og bruksgjenstandar, og deretter blei dei brukt att som tema og motiv i opera, musikal, drama, roman, tv-seriar, teikneserie og film. Med alle dei nye media og alt tilfanget vi no har frå heile verda, er adaptasjon og remediering meir aktuelt enn nokon gong. Overføring av litteratur til film, tv og radio har fått mykje merksemd, og alt frå temaparkar og historiske spel til elektroniske plattformer gir plass for kjent stoff i nye versjonar i nye medium.

Ord for overføringa

Verbet adaptere kjem av latin adaptare, som tyder ‘venje til, tilpasse (seg)’. Substantiva er adapsjon og adaptasjon. Omgrepa blir brukte i fleire fag, til dømes i biologien, der det dreier seg om å overleve i eit nytt miljø.

I filologien kan det handle om tilpassing til eit nytt medium. Eit ord som er meir råkande i slike tilfelle, er remediering. Det bør truleg brukast der orda overføring, tolking og omarbeiding ikkje er presise eller dekkjande. Remediering er noko lettare å handtere enn ordet transmediering, som er brukt på engelsk (transmediation). Det er òg meir lettfatteleg enn configuration, som er brukt spesifikt om det å forme etter ein modell (jf. Svenn-Arve Myklebost i ein studie av Shakespeares drama utgitt i den japanske teikneseriestilen manga).

Ord for sjangeren

I engelsk finst uttrykket graphic novel, direkte omsett grafisk roman. Den amerikanske litteraturforskaren Hillary Chute meiner at grafisk forteljing er meir dekkande, ettersom det viktigaste som blir laga i denne sjangeren, ikkje er romanar, men memoarar, biografiar, historie og kunst. Vi kunne hatt bruk for begge omgrepa og fleire til, men den direkte omsetjinga grafisk er ikkje god. Skrift er òg «grafisk». Før det norske omgrepet grafisk roman har festa seg i språket vårt, bør vi derfor finne meir presise uttrykk.

Ordet bilde er framleis det som dekker best, og som fungerer mest inkluderande som forledd i aktuelle samansettingar. Det gir bildeforteljing som eit overordna omgrep, og bilderoman, bildenovelle, bildebiografi osv. for nokre av undersjangrane. Vil vi presisere, kan vi byte ut prefikset bilde- og snakke om teikna roman eller teikneserieroman, som til dømes Jason (2003).

Ord som teikneserieforteljing og teikneserieroman er sjølvforklarande og informative, og vi har bruk for mange ord med forleddet teikneserie for å dekke alt. Men til liks med det engelske comics kan dette ordet framleis ha ein negativ klang. Det kan vere grunnen til at grafisk har fått så lett innpass på dette området.

Kvaliteten i dei nye forteljingane

Dei fleste som skriv om adaptasjon i dag, meiner at vi skal sjå på originalen og adaptasjonen som likeverdige produkt. Vi skal sjølvsagt vurdere kvaliteten på og originaliteten i kvar ny attforteljing, men på premissane til det nye mediet.

Linda Hutcheon meiner at dei færraste forteljingar er heilt originale. Adaptasjon er norma, ikkje unntaket. Det er ei form for reproduksjon som kan samanliknast med formeiringa hos levande organismar.

Vi fortel, og vi fortel om att. For kvar gong endrar forteljinga seg litt. Likevel kjenner vi henne att. Historia om adaptasjon er sjølve evolusjonshistoria til forteljingane våre.

 

-- Dr.art. Vilborg S. Hovet har undervist i høgskulen og skrive boka Kva er ei bok? (Vidarforlaget 2018), med fleire døme på adaptasjon og remediering.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.06.2018 | Oppdatert:27.01.2021