God butikk i gode ord

No image

Handelsstanden må stendig fornye seg for å lokke til seg kjøparar. Det må språket også gjere om det skal halde tritt med nye utsalsstadar som pop-up store, outlet village og food truck. Og klede som vi kjøper, er ofte laga i sweatshops, sjølv om det ikkje er nokon butikk.

Stunt og merkevarer

Nokre butikkar finst berre i nokre dagar eller veker før dei forsvinn igjen. Denne trenden frå utlandet vert kalla pop-up store på engelsk. Stundom seier vi pop-up-butikk på norsk, men korleis skal det skrivast? Det er fort gjort å gå seg vill i bindestrekar, særskriving og samskriving. Då kunne vi like godt ha nytta eit godt norsk ord, til dømes korttidsbutikk. Ofte skal slike butikkar fange merksemda til folk, som del av marknadsføringa, og då er stuntbutikk ei god løysing.

Andre butikkar tilbyr såkalla pick-up points, som er stadar ein kan hente varer ein har tinga. Eit betre og sjølvforklarande ord er rett og slett hentestad.

Om ein heller vil vandre rundt blant varene, finst det store bygningar der merkevareeigarane driv alle butikkane. Slike kjem ikkje overraskande frå USA, der dei vert kalla for factory outlet village eller berre outlet village. Over same leisten som kjøpesenter kunne ein lage ordet merkevaresenter. Vi ser også at merkevareby vert nytta av somme, og det sluttar vi gjerne opp om.

Mat og løn

For dei som vert svoltne på handletur, har det dukka opp såkalla food trucks. Når ein ikkje skal gå omvegar til mat, treng ein heller ikkje det for ord. Matvogn er allereie i bruk, og det tykkjer vi er eit beintfram godt ord. Vi treng trass alt ikkje vere dårlegare enn svenskane, som kallar dei for matbilar.

Til slutt har vi i ermet eit ord om ein mindre triveleg stad. Billige plagg i butikkane vert stundom produserte i såkalla sweatshops. Arbeidsvilkåra og lønene er ofte svært dårlege, og barn vert i ein del tilfelle nytta som arbeidskraft. Det engelske ordet har eigentleg ein lang tradisjon frå britisk industri, då sjefen (sweater) styrte tekstilarbeidarar under tøffe vilkår. Ordet shop kan jo også tyde verkstad, jf. workshop. I eldre tekstar vert sweatshop omsett med systove, men då mistar ein det vesentlege med løns- og arbeidsvilkåra. Det same gjeld nok òg for syfabrikk. Då er det betre å seie det som det er, og nytte låglønsfabrikk.

Når vi lager norske ord, har vi høve til å finne ord som seier noko vesentleg om tydinga bak. Det burde vere god butikk i det.

 

-- Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2016 | Oppdatert:27.01.2021