Terningen er kasta
1: einevelde, 2: tvilling, 3: treeining, 4: kvadrat, 5: kvintett, 6: sekstant. Augo på terningen skjuler mang ei historie om talorda våre, alle med indoeuropeiske røter.
AV ERLEND LØNNUM
Einaren kjem frå oino, som har gitt germanske ord som elleve og enke og latinske ord som unik og univers. |
|
Toaren kjem frå duo, som har gitt germanske ord som tvitydig og tvil og latinske ord som duell og biceps. |
|
Trearen kjem frå treies, som har gitt germanske ord som tredje og dreiel og latinske ord som trippel og tribune. |
|
Firaren kjem frå kwetuōr, som har gitt ord som firkløver, kvartal, kaserne og trapes. |
|
Femmaren kjem frå penkwe, som har gitt ord som finger (kanskje), kvintessens, pentagon og punsj. |
|
Seksaren kjem frå sueḱs, som har gitt ord som semester, siesta, sekstett og heksagon. |
Sjølve terningen har med talet fire å gjere. Ordet skal vere omlaga av lågtysk terninc frå latin quaternio, som tyder ‘firar i terningspel’, ein populær syssel blant romerske soldatar.
Og som vi veit, då Julius Cæsar kryssa Rubicon, skal han ha utbrote: Terningen er kasta!