Vinterleg språkdrakt

La oss ta på oss språkbrillene og studere årstida vi er inne i. Kvar kjem ordet vinter frå? Og kva tyder eigentleg uttrykka vise nokon vintervegen og ha vore ute ei vinternatt før?

AV MARIT HOVDENAK

Den kalde og mørke årstida mellom haust og vår varer i det minste dei tre månadene desember, januar og februar under våre himmelstrøk. Dersom noko tek både vinter og vår, varer det svært lenge, synest vi.

Våt og vennleg

Vinter er eit arveord. I norrønt var forma vetr, som kjem frå germansk wintr, med usikkert opphav. Vi finn att vetr i nynorsk vetter og ulike dialektformer og i færøysk og islandsk vetur. Elles er forma vinter, berre med w, i andre germanske språk som tysk, engelsk og nederlandsk.

Ifølgje Våre arveord har germansk wintr usikkert opphav. Det kan ha band til keltisk windo og det gammalirske ordet for ’kvit’ (find) eller til det indoeuropeiske ordet for ’vatn’ (wed), fordi vinteren kan vere ei våt årstid. Vidare kan ein knyte wintr til gammalhøgtysk winistar ’vennleg’, jamfør wini ’venn’, fordi vinteren vart kalla den vennlege årstida, sjølv om han i røynda snarare kan vere uvennleg.

Vinterveg i vinternatta

Vinterbrauta er eit gammalt ord for Mjølkevegen, som vi ser klarast nettopp om vinteren. Andre nemningar er vintergata og stjernebrauta. Men kvar går vintervegen? Å vise nokon vintervegen vil seie å avvise eller jage bort vedkommande. Fleire av uttrykksmåtane som knyter seg til vinter, seier sitt om barske tilhøve vinterstid.

Eit spesielt uttrykk er ho/han har vore ute ei vinternatt før – eller ein vinterdag, dei to variantane er om lag like vanlege. Meininga er at personen det er snakk om, har prøvd litt av kvart, har vore utsett for påkjenningar eller liknande – og gjerne har klart seg gjennom dei. I Norske Ordsprog av Ivar Aasen står det: «Han heve voret ute ei Vetternatt fyre.» Aasen har uttrykket frå Trøndelag. Trønderske forfattarar som Johan Bojer og Kristofer Uppdal har òg brukt uttrykket, som no er vorte allment kjent.

 

-- Marit Hovdenak er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.12.2014 | Oppdatert:27.01.2021