Svangre ord

Å verte foreldre inneber ei stor endring i livet, og mange opplever at mykje vert snudd på hovudet, i alle fall for ei stund. Det er ikkje berre barnet som kjem til verda – foreldra oppdagar også ei heilt ny verd. Møtet med den nye verda er fullt av nye omgrep, fleire av dei med opphav i utlandet. Men kva kan desse «barna» heite?

Medan vi ventar på barnet

Frå USA kjenner vi tradisjonen baby shower, som vert stadig vanlegare hos oss. Det dreier seg om ein gåvefest der gjestane tek med seg nyttige (og unyttige) gåver til mor før barnet er fødd. Her i landet er jo tradisjonen at ein går på barselvisitt etter fødselen.

Det engelske ordet tyder eigentleg babydusj, som for oss nordmenn er noko heilt anna. Engelsk er fullt av slike metaforar. Her heime ser det ut til at babygåvedryss eller gåvedryss vert nytta for baby shower. Slik er litt av «dusj-delen» med. Ventefest er eit anna godt ord i bruk, medan gravidfest og førbarselfest også er moglege. Og for dei kreative kan avlslag vere eit artig ord.

Medan barnet held oss vakne

Nybakte mødrer er ofte distré og kan kjennast igjen på auge og ansikt prega av svevnmangel innimellom all lukka. Med andre ord er dei råka av ammetåka. Men kva med far? Han deltek i større grad i pleie av spedbarn, også nattestid, og det er ikkje fritt for at mannen slit med liknande symptom. På engelsk har dei laga det kjønnsnøytrale baby lag etter same leist som jet lag. Trass i svevnmangel har oppvakte fedrar laga ordet vaketåke, og på bokmål kling det endå betre: våketåke. Det er eit kreativt ord med gode språklege kvalitetar, og vi vonar det kjem i bruk, i det minste som ei språkleg påskjøning.

Ein avstikkar

Det vert oftare snakka om å reise på babymoon, som på engelsk er laga etter honeymoon, med tydinga bryllaupsreise. Bruken på engelsk kan variere litt. Ordet kan syne til ei siste utflukt eller ei spennande reise som dei framtidige foreldra gjer før dei vert fanga av bamseklubbar i Syden og turar til Danmark.

Ordet kan også syne til ein tur etter fødselen der foreldra ferierer saman med spedbarnet i ro og mak. Her kan vi tenkje oss fleire moglegheiter på norsk. Svangertur og førbarselreise kan fungere før fødselen. Det kan også svangersvipp om reisa er kort. Etter fødselen kan ein kalle reisa for babytur eller permisjonsferd.

Språket vårt er altså fullt av pregnante ord som berre ventar på nedkomst.

 

-- Av Ole Våge, seniorrådgjevar i terminologitenesta i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2014 | Oppdatert:27.01.2021