Årets ord
I desember kvart år kårar Språkrådet årets ord. Orda speglar hendingar som har prega nyheitene det året, og fortel slik noko viktig om tida vi lever i. Orda viser at norsk er eit rikt og kreativt språk som fungerer godt.
Her er vinnarane dei siste ti åra:
År | Ord | Forklaring |
---|---|---|
2021 | å sportsvaske | det at styresmakter i autoritære statar brukar sportsarrangement eller kjøper opp populære sportsklubbar for å setje seg sjølve i eit betre ljos |
2020 | koronaen | koronapandemien, både viruset, sjukdommen, krisa og sjølve tida vi er inne i |
2019 | klimabrøl | styrken i klimaengasjementet til dei unge |
2018 | skjebnelandsmøte | KrF-landsmøtet som skulle avgjere kva for eit regjeringsalternativ KrF ville forhandle om |
2017 | falske nyhende | feilaktig framstilling av fakta i den offentlege debatten |
2016 | kvardagsintegrering | innsatsen vanlege folk gjer for å integrere flyktningar og innvandrarar |
2015 | det grøne skiftet | omstillinga til eit meir miljømedvite verdssamfunn |
2014 | framandkrigarar | nordmenn som har reist til krigsområde som Syria og Irak for å kjempe |
2013 | sakte-tv | tv-sendingar som «Hurtigruten minutt for minutt», ein reaksjon på kvardagsstresset |
2012 | å nave (naving) | det at skuleungdom tek seg eit friår som er dekt av stønad frå Nav |