Ord for framtida

No image

Heilt på starten av dette året la regjeringa fram Nasjonal strategi for kunstig intelligens. Innhaldet kan verke gresk for oss som ikkje er inne i den teknologiske verda, men heldigvis er alle framande omgrep utforma på godt norsk!

Termen kunstig intelligens er ei omsetjing av engelsk artificial intelligence. Definisjonen av kunstig intelligente system er at dei kan tolke og bruke data til å oppnå eit mål, anten fysisk eller digitalt. På same måte som det engelske uttrykket blir forkorta AI, blir det norske forkorta KI.

Robotikk, takk

KI er allereie i bruk i samfunnet, mellom anna for å avdekke bank- og forsikringssvindel, for å identifisere kreftsvulstar eller for å sortere store informasjonsmengder. Det blir òg brukt i robotikk, som sjåførlause køyretøy. Dei to bussane Oda og Mads, som fraktar deg mellom Vippetangen og Rådhuset i Oslo, er eit døme på slike sjølvkøyrande robotkøyretøy.

Eitt av måla til regjeringa er at offentleg sektor skal bli meir saumlaus i framtida. Dersom du har levert opplysningar til for eksempel skatteetaten, skal du sleppe å oppgje dei same opplysningane til Nav. Her vil KI spela ei viktig rolle. KI vil òg kunne bidra til å løyse store utfordringar i samfunnet som eldrebølgja eller klimakrisa.

Hugs bindestreken

Når vi lagar samansetningar med forkortinga KI, må vi passe på at bindestreken blir med. Digitaliseringsministeren skriv om eit «KI-vennlig regelverk» og nemner både «KI-systemer» og «KI-baserte løsninger».

I omtalen av KI-kurset Elements of AI, som regjeringa skal lansere i samarbeid med NTNU, blir det tydeleg kvifor det er viktig å hugse bindestreken. Både i emneknaggen #AIchallenge og den tenkte norske varianten #KIutfordring er det vanskeleg å ikkje lesa den store i-en som ein liten l. Rettskrivingsreglar som hjelper oss med å unngå slike feiltolkingar, må nok framleis basere seg på naturleg intelligens.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.03.2020 | Oppdatert:25.01.2021