Klimaavtrykk i nye ord

Klimadebatten sette tydelege spor i den årlege nyordslista til det svenske Språkrådet og Språktidningen med ord som Gretaeffekten, klimatdiktatur, klimatstrejk og artdöden.

Svenskane har òg notert seg at det store nyordet frå 2018, flygskam, har skote nye knoppar i form av orda smygflyga, det å reise med fly utan å prate om det, og tågskryta, det å framsnakke toget som framkomstmiddel.

– Somme synest ordet skam framkallar unødig mykje skuldkjensle. Lokketanken i ordet beteendedesign (åtferdsdesign) kan vere ein betre metode for å skape forandring, seier nyordsredaktør Anders Svensson i Språktidningen i ei pressemelding.

Beteendedesign siktar til miljødesign som lokkar fram positiv åtferd, til dømes i butikken.

Han trekkjer òg fram nyordet fimpomat som eit godt døme på eit slikt positivt ladd ord. Det siktar til eit offentleg oskebeger der røykjarane får høve til å delta i ei uhøgtidleg avrøysting når dei stumpar sneipen. Sneipomaten har visstnok òg funne vegen til Noreg, men utan at innretninga så langt ser ut til å ha fått noko norsk namn.

Den svenske nyordslista inneheld i alt 35 ord som har dukka opp eller breidd om seg det siste året. Der finst det òg fleire «digitale» ord, som til dømes cybersoldat, hybridkrig (falske nyheiter og hacking mot ein framand stat) og deepfake (AI-manipulerte bilete). Svensk har dessutan fått eit nytt og kraftfullt pronomen, benim, som er rappa frå tyrkisk og betyr ‘eg, meg, mitt’. (NPK)

NOREG

I Noreg kåra Språkrådet klimabrøl til årets ord 2019. På ti-på-topp-lista finn ein òg klimaorda kjøttskam, overturisme, sovekapsel og havvind.

DANMARK

I Danmark vann klimatosse: «person der går (for) meget op i klimaet» (jf. Dansk Sprognævn).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.03.2020 | Oppdatert:25.01.2021