Oppskrift på språkleg balanse

Korleis skal universitet og høgskular klare å balansere mellom engelsk og norsk? Ei oppskrift med ti konkrete punkt er no klar.

AV OLE VÅGE

Universitets- og høgskulesektoren skal vidareutvikle norsk fagspråk og spele ei viktig rolle i det norske samfunnet. Samstundes skal sektoren vere internasjonal, og dermed er også engelsk og andre framandspråk naturlege bruksspråk. Det inneber at sektoren må leggje til rette for bruk av både norsk og engelsk. Det er ikkje alltid enkelt.

– Språkrådet har teke initiativ til å lage ein mønsterpraksis, ei slags oppskrift, på korleis institusjonane kan gjere språklege val som sikrar at det vert teke omsyn til både norsk og engelsk, seier Nina Teigland, seksjonssjef i Språkrådet.

Samarbeid

Mønsterpraksisen er eit samarbeid mellom Språkrådet og Noregs handelshøgskule (NHH). Både tilsette og studentar ved høgskulen har kome med innspel til korleis ein kan gjere gode språkval innanfor undervising, forsking, formidling og administrasjon.

Mønsterpraksisen skal vere til hjelp for dei institusjonane som ønskjer konkrete forslag til korleis dei kan oppnå språkleg balanse. Praksisen er eit resultat av ein NHH-rapport og forsking på språkbruk ved nordiske universitet og høgskular. Fleire av dei tiltaka som er foreslått, spring ut av konkrete røynsler frå universitet og høgskular i Noreg og andre nordiske land.

– Det har vore viktig å utvikle denne mønsterpraksisen i tett samarbeid med universitets- og høgskulesektoren. Berre på den måten vert praksisen relevant for dei han gjeld, seier Teigland.

Praksis for kvar og ein

Mange av universiteta og høgskulane har tidlegare laga overordna språkpolitiske retningslinjer. Men det har mangla ein god praksis for korleis retningslinjene kan verte konkrete, slik at dei kan gjelde for kvar og ein av oss i arbeids- og studiekvardagen.

Språkrådet skal møte leiinga ved fleire universitet og høgskular i løpet av våren for å presentere og diskutere den nye mønsterpraksisen, som ligg tilgjengeleg på Språkrådets nettsider.

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.03.2018 | Oppdatert:27.01.2021