Lakenskrekk i tropenatta

No image

Utepils og fylleangst. Syden og hyttetun. Det måtte ein newzealending til for å opne augo våre for desse særnorske orda. No finn vi dei endåtil på T-skjorter over heile landet, trykte til vårt bryst.

AV ERLEND LØNNUM

Dei førebels seks merkeorda i klessamlinga til Lauren Pedersen handlar om nattlege, flytande og farande syslar. Kva blir det neste, mon tru – matpakke på harrytur og kolonnekøyring med fjordgløtt? Moteskaparen frå verdas ende arbeider med saka. Og i mellomtida seier ho til oss: «Ver stolte av språket og kulturen dykkar!»

Newzealandske Lauren Pedersen er marknadsførar og personen bak det norske klesmerket Marius Gris.

Feirar norsk språk

«Marius Gris er en hyllest til de særegne ordene andre språk ikke har. Enkeltord brukt til å forklare en hel situasjon. De er unikt norske, og vi elsker dem.» Slik står det på nettstaden til klesprodusenten Lauren, som det kjennest naturleg å omtale med fornamn for å markere det engelskspråklege opphavet hennar. Etternamnet har ho frå den norske ektemannen, som var årsaka til at ho flytta til Noreg for fem år sidan.

Lauren er noko så sjeldsynt som ein norsktalande newzealending som sidan i vår har satsa pengar på det norske språket, og det attpåtil berre på hobbybasis. I kvardagen er ho såkalla brand director i det globale selskapet Opera Software med engelsk som arbeidsspråk, og på fritida sel ho urbane T-skjorter, hettegenserar og trusetrøyer med norske ord som drivkraft.

– Vi må feire språket, oppmodar ho, idet ho gjengir mottoet for kleda sine: «Ver stolt når du har på våre klede. Gi dei til ein ven, eller ram dei inn og heng dei på veggen. Orda fortener å bli viste fram!»

Verdt eit eige ord

– Nordmenn flest tenkjer nok ikkje på at ord som lakenskrekk og Syden er typisk norske fenomen. Det finst i alle fall ikkje tilsvarande ord på engelsk. Eg har derfor samla ei rekkje morosame forklaringar og definisjonar på tilstandar og kjensler, for gjenkjenninga er viktig. Eg ønskjer å vise det unike ved Noreg, seier Lauren frå Wellington. Det måtte altså ein utlending til.

– Ein treng ofte impulsar utanfrå for å sjå sitt eige perspektiv. Eg ser at til dømes Syden er eit annleis konsept. Det finst jo til og med restaurantar i Syden med menyar på norsk. Og eg er framleis forundra over at de har eit ord for fylleangst.

– Eg måtte humre litt første gong eg såg nordmenn kaste alt dei hadde i hendene, storme ut i gatene på jakt etter ein plass i sola, pakke seg inn i eit teppe og bestille ein kald øl. Årets første utepils er eit herleg uttrykk, synest Lauren.

– Det er også artig når nordmenn så inderleg vonar at det har vore over 20 grader natta gjennom, så det første de kan gjere om morgonen, er å sjekke avisa og rope: «Tropenatt!» Og det har de altså eige ord for! Slike spesielle ord er det verdt å trekkje fram, for dei seier noko om folket og kulturen her til lands, meiner Lauren.

– Eg møter sjeldan nordmenn som seier at dei er stolte av norsk språk og kultur, men eg veit at mange faktisk er det, og derfor vil eg vise dykk at det er greitt å vere kry.

Artig konsept

Orda dukka opp først, ofte på fest med gode venar, som smakte på orda og utbraut: «Det har vi ikkje tenkt på før!» Deretter laga ho ein kleskolleksjon med spesialorda trykte på brystet, og det utan røynsle i faget.

– Eg ville gjere noko sprøtt, utfordre meg sjølv og berre prøve meg fram. Ideen fekk eg på New Zealand, der folk spurde meg om kva som er særmerkt med norsk. Då nemnde eg eit ord som lakenskrekk, som eg omsette med «friend of the sheets» eller eigentleg «fear for the sheets», og det syntest dei var morosamt, for det høyrdes ut som ein sjukdom. Eg forklarte at dei som lid av lakenskrekk, gjerne opnar enda ei flaske vin og går og tar eit bad saman, sjølv om det er grytidleg søndag morgon, fortel Lauren.

I neste omgang valde ho å satse på «casual street wear» (’uformelle klede’), slik dei blir kalla i ein engelskdominert klesbransje. Sjølv om undersøkingar viser at mange nordmenn ønskjer meir marknadsføring på norsk, er engelsk framleis nærast einerådande i merkevarebygginga.

– Det finst utruleg nok ikkje noko typisk norsk klesmerke i sjangeren casual. Det er i det heile for få reint norske konsept for kvardagsklede. Moods of Norway har jo gjort det særs godt, men dei har heile verda som marknad og bruker derfor berre engelsk språk. Eg meiner at det òg finst ein marknad for det heilnorske. Og då vil eg bruke det språket som folk er mest vande til, seier seljaren.

– Overfor turistar viser nordmenn gjerne fram troll, flagg og liknande tradisjonelle markørar, og norske friluftsklede ber gjerne fjellnamn. Men meir allmenne, særnorske kvardagsord har eg ikkje funne i slike samanhengar, sjølv om dei gir eit framifrå signal om kva land ein kjem frå. Dei viser ei haldning og eit standpunkt.

Fylletur til Syden

Signalorda har altså også ei humoristisk side, for dei har vore gjenstand for mang ein diskusjon i lystig lag. 

Eg får litt vondt av ordet fylleangst, det at du kjenner på frykta dagen etter at du drakk litt for mykje kvelden før, når minna er litt vage og du spør deg: Dansa eg verkeleg på bordet? Og kor kan ein drikke utepils og kjempe mot fylleangst året rundt? Jo, i Syden, som må vere verdas største land for mange nordmenn. Kor langt sørover ein må reise for å kome dit, er litt uklart, for Syden har med åra vakse seg større og inkluderer no også feriedestinasjonar som Thailand. Men så lenge det er varmt der og det går charterfly dit, er ein innanfor, trur Lauren, som kjem sørfrå, men neppe frå Syden. 

– Og kva med hytteturar? Då bør du helst gå på ski eller til fots eit par kilometer i snøstorm eller pøsande regn for å kome fram til eit hyttetun, der du er heilt isolert frå omverda, utan innlagt vatn og straum, og gjerne med svigerforeldra i soverommet ved sida av. Nydeleg!

Norsk som framandspråk

Lauren har studert kommunikasjon, marknadsføring og grafisk design i Washington D.C. og arbeidd i eit reklamebyrå i London i fleire år. Så gjekk altså vegen til Noreg, der ho som engelsktalande raskt skjønte at det ikkje var så lett å lære det nye språket.

– Eg tok eit norskkurs i London før eg flytta hit, og lærte sjølvsagt litt norsk av mannen min og venane hans. Men så stoppa det opp, for nordmenn snakkar så godt engelsk. Det er så lett berre å snakke engelsk i Noreg, altfor lett eigentleg. På fest fungerer det greitt i byrjinga, men utover kvelden og natta går diskusjonane meir og meir på norsk, og då må ein kjenne språket godt for å klare å følgje med. Og då eg til dømes var i butikken, svarte dei fleste meg på engelsk sjølv om eg snakka norsk til dei. Dei gjorde det vel for å være snille, men det hjelpte jo ikkje meg, sukkar Lauren, som dermed måtte motivere seg sjølv. Ho bestemte seg så for å intensivere læringa ved Folkeuniversitetet.

– For å kome under huda på folk må ein beherske språket, og då må ein insistere på at folk berre snakkar norsk med ein. Og det hjelper ikkje mykje med eit par timar øving mellom slaga. Ein må snakke norsk heile dagen for å knekkje kodane.

New Zealand – Noreg

Lauren er stolt over å vere frå New Zealand og bruker gjerne klede derfrå, men ho trur det er umogleg å få eit tilsvarande konsept til å fungere der.

– Vi har ikkje så mange særeigne og kulturelle enkeltord. Vi tyr heller til slang og lokale variantar, som ikkje passar like godt i merkevarebygginga, seier ho.

– Vi er ikkje så dyktige til å lære framandspråk på New Zealand. Sjølv om vi kan velje tysk, fransk, japansk og andre språk på skulen, får vi sjeldan praktisert dei, for reisa er så lang, spesielt til Europa. Dessutan er det så mange i verda som uansett forstår engelsk, og på tv og radio høyrer vi engelsk overalt.

New Zealand har to språk med offisiell status, engelsk og maori, men det er ikkje mange som snakkar maori lenger, skal vi tru Lauren.

– Vi heldt ei stund på å miste maori, og då er det vanskeleg å få det tilbake. Då eg gjekk på skulen, lærte vi berre symbolske saker på maori, som songar og namn på fargar og liknande. Noreg er òg eit lite land, så språket er sårbart for endringar. Det må nordmenn ha i minne, understrekar newzealendingen.

Fleire sære ord

Jakta på unike norske ord går vidare, og det har folk rundt Lauren merka seg.

– Her om dagen spurte eg faren min, som var på noregsbesøk: «Can you pick up some chicken, rice, pålegg, eggs and milk?» Då tok eg meg i å bruke eit heilnorsk ord utan å tenkje over det, og dermed hadde eg nok eit godt døme på blokka, fortel ordsamlaren.

– Av og til får eg tekstmeldingar med tips, også midt på natta: «Kva med taxfree, grilldress og sumartid? Det er norsk, det!» Så neste sumar tar eg ein ny runde, for det er mange gode kandidatar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.09.2013 | Oppdatert:25.02.2021