Språknytt 4/2010
Stikkord for dette nummeret: snikinnføring av nabospråk i skulen, å skrive blogginnlegg versus å skrive for eit papirtidsskrift, kvardagen til ein tolk, draumar om rockestjerner og mytar om språk, uttalen av totusen(talet), Clara Holst.
Trur du det fanst noko arbeid for norsk språk før 1814? I artikkelen Norsk målreising før 1814? kan du lese litt om den tida. Artikkelen 2000-talet – ein gong til drøftar argumenta som ligg bak dei ulike måtane å seie årstala frå og med år 2000 på. Ein annan forklarar kvifor det er ein samanheng mellom erkeenglar og arkitektar.
Elles i dette nummeret kan du lese om dei som fekk Språkprisen 2010. Du kan lese ein kort statusrapport frå nemnda som arbeider med revisjonen av nynorsknorma, og du får vite litt om korleis det er å vere tolk.
Smakebitar |
---|
Intervjuet: Nabospråk skal være morsomt Visste du at folk i Norden forstår kvarandre dårlegare enn før? I intervjuet fortel Bodil Aurstad, som har ei nokså fersk stilling som nordisk språkkoordinator, korleis ho vil gjere barn og unge merksame på verdien av det nordiske språkfellesskapet. |
Skriftlige samtaler – sosiale medier Kvifor er det annleis å skrive eit blogginnlegg enn å skrive for eit papirtidsskrift? Skilnaden er forholdet til lesaren. Dei sosiale media er sosiale fordi dei er samtalar mellom fleire deltakarar. Å skrive i sosiale media er å sleppe lesarane inn i teksten. |
Eneren Clara Holst Clara Holst var den første kvinna som tok doktorgraden i Noreg. Emnet var tysk språk, og avhandlinga hennar om nedertyske lånord i dansk opna eit viktig forskingsområde. Ho drog til USA og underviste på universitet, men ho fekk ikkje bli gymnaslærar i tysk i heimlandet. |
Kolofon |
Ansvarleg redaktør: Sigfrid Tvitekkja Redaksjonen avslutta 22. oktober 2010 |