Ver med i ordskiftet om nynorsken!

Nyleg blei diskusjonsforumet Nynorsk 2011 lansert. Her kan alle interesserte vere med og diskutere ønske dei har til den komande rettskrivinga for nynorsk.

Det skal lagast ei ny rettskriving for nynorsk, som skal erstatte dagens norm. Språkrådet har peika ut ei nemnd som skal kome med forslag til revidert nynorsknorm innan 1. februar 2011. Nemnda har i oppdrag å lage ei rettskriving som gjer det lettare å vere nynorskbrukar, og som er tydeleg for alle som har nynorsk som sidemål. Det vil mellom anna seie at ein fjernar skiljet mellom hovud- og sideformer og avgrensar talet på valfrie former.

Korleis skal nynorsken sjå ut?

Skjermbilete av forumet Nynorsk 2011Grete Riise, leiar for rettskrivingsnemnda, ønskjer at så mange som mogleg seier meininga si om den nye rettskrivinga: – På Nynorsk 2011 kan du kome med ønska dine til den nye rettskrivinga. Kva meiner du er vanskeleg i dagens rettskriving? Kva skal til for å gjere det lettare for deg å skrive korrekt? Alle interesserte kan kome med ønska sine, anten dei reknar seg som nynorskbrukarar, er skuleelevar med nynorsk som sidemål, har nynorsk som arbeidsspråk eller berre skriv nynorsk no og då, seier Riise.

Alle kan lese det som er skrive i diskusjonsforumet. Når du registrerer deg som brukar, kan du skrive eigne innlegg og kommentere det nemnda eller andre brukarar har skrive. Nemnda kjem til å publisere vedtaka sine i forumet, slik at det blir høve til å kome med konkrete reaksjonar på dei.

Diskusjonsforumet Nynorsk 2011 finn du her: www.nynorsk2011.org. Nettsidene til nemnda Rettskrivingsnemnda har eigne sider på nettstaden til Språkrådet, der du blant anna kan sjå mandatet til nemnda og lese om bakgrunnen for vedtaket om å lage ei ny rettskriving. Nemnda vil leggje ut nyheiter, innspel, sakspapir og referat. Adressa til nettsidene er: www.sprakradet.no/nynorsknorm

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.05.2010 | Oppdatert:28.05.2021