«Je» eller «jodd»? Og litt om «ve» og «vav» med det same

Den tiande bokstaven i alfabetet vårt kjenner mange med to namn – je og jodd. Somme føretrekkjer kanskje det eine framfor det andre, og da går gjerne spørsmålet til Språkrådet: Kva er rettast eller best?

AV DANIEL G. IMS

I Bokmålsordboka og Nynorskordboka står det berre at uttalen er «je eller jådd». Er det eine namnet da eldre enn det andre? Er det kan hende slik at je er den nyaste forma? Ja, det kan vi nok seie, men namna har levd side om side ei stund. Bokstaven j har ikkje berre nytt namn, han er også ein etter måten ny bokstav i alfabetet vårt.

Kva lærte vi på skolen?

I-en og y-en,
de skulle til byen.
Så møtte de j-en,
men ville ikke se’n.

I-en og y-en
var ute i byen.
Der møtte dei ein j,
han fekk ikkje vera med.

I begge variantane av denne regla heiter bokstaven je, og det namnet er nok nærast einerådande i skolen i dag. Men uformelle undersøkingar mellom kollegaer og andre viser at det tidlegare varierte kva vi lærte. Det kan verke som dei fleste utanfor Oslo har lært je, i alle fall dei siste 50 åra, mens ein rundt Oslofjorden i større mon lærte jodd. Fleire har dessutan oppfatta namnevalet som ein del av striden om samnorsk i tiåra etter andre verdskrigen, slik at «folkemålslærarar» lærte bort je og «riksmålslærarar» jodd. Min 60 år gamle svigerfar frå Grorud hugsar godt at norsklæraren stod på at bokstaven ikkje het je, men jodd.

Alfabetet og bokstavnamna

Vi kallar bokstavrekkja alfabet, og det skriv seg frå dei to første bokstavane i det greske alfabetet: alpha og beta. Desse bokstavnamna kjem i sin tur frå semittiske språk. Det gamle greske alfabetet er bygd på fønikiske bokstavar, og mange bokstavnamn følgde med. Bokstavane var først ordteikn, slik at ein A var ein okse (semittisk alef/alep) og ein B var eit hus (beth/bet). (Snu A-en, så kjem oksehovudet fram!) På gresk hadde ikkje bokstavnamna slike tydingar, men bokstavane stod framleis for den første lyden i dei gamle bokstavnamna (det akrofone prinsippet).

Det greske alfabetet spreidde seg vidare til den italienske halvøya, først til etruskisk og derifrå til latin. Etruskarane sette sitt preg på det som skulle utvikle seg til det latinske alfabetet: Spora etter dei opphavlege ordteikna blei borte, og bokstavane fekk namn etter lydverdien dei stod for: a, be, de, ge osb. Dei etruskiske bokstavnamna har stort sett overlevd til i dag. Vi går til og med rundt og seier ef, em, en, el, er, es i staden for fe, me, ne, le, re, se, og det skal ha med etruskiske lydkombinasjonar å gjere. Med bokstaven z gjer vi eit unntak frå denne etruskisk-latinske bokstavnamnskikken. Han blei bruka i greske lånord på latin og har fått halde på namnet sitt (zeta på gresk). 

Jodd og vav, je og ve

I det gamle latinske alfabetet var ikkje j ein eigen bokstav, han var lenge berre ein variant av i. Det semittiske teiknet jod, med tydinga ’hand, arm’, var blitt til iota på gresk, og denne bokstaven fekk namnet i i det latinske alfabetet. Så vel i som j kunne stå for både vokal og konsonant, og det var gjerne plasseringa i ordet som avgjorde valet mellom dei. I seinmellomalderen og renessansen tok fleire til ords for rettskrivingsreformer i latin og andre språk. Eitt av framlegga var å gjere i og j til ulike bokstavar og det same med v og u. På 1600–1700-talet var desse endringane gjennomførte.

Da bokstavane i/j og u/v skilde lag, måtte dei naturlegvis ha ulike namn òg. Éi råd var å følgje den latinsk-etruskiske tradisjonen med namn som spegla uttalen. Slik har vi etter kvart fått je og ve. Ei anna råd var å gå til alfabetopphavet og finne greske eller semittiske namn, og det var det som blei gjort først. J heiter jota på språk som spansk og portugisisk, og det er openbert etter gresk. På tysk, svensk og dansk fekk vi derimot først Jod og Vav/Vau. For å finne svaret på kvifor dei blei heitande dette må vi gå til det semittiske alfabetopphavet, og på hebraisk finn vi nettopp desse bokstavnamna. På tysk heiter j og v framleis Jot (før Jod) og Vau, og på islandsk heiter det joð og vaff

Danske bøker frå 1800-talet syner at ve-namnet var vanleg alt da, og ei endring frå jod til je blei også drøfta tidleg. I Haandbog i det danske Sprogs Grammatik (1844) skriv Israel Levin at «det [vilde] være en væsentlig Forbedring at sige Je isteden for Jod». Likevel heiter j framleis jod i Danmark, så denne «forbetringa» slo betre an i Noreg. Her til lands finn vi at Hans Jacob Grøgaard i ei ABC frå 1815 skriv at «j bør ikke kaldes jod eller lang i, men je». Det same står i seinare lærebøker frå 1800-talet, men ifølgje Norsk Riksmålsordbok hadde denne nye je-uttalen likevel rokki å bli forelda i 1937: «j. [jådd ... ell[er] nu mest foreld[et] je]».

I stuttmål: J kom inn som ein ny bokstav, men fekk eit gammalt namn (jodd) som seinare blei erstatta av eit nytt (je) som så blei forelda, det gamle blei det nye, men no er det eldste gammalt att. Moralen får vere at det ikkje er lett å vere moderne, eller gammaldags for den saks skyld.

 

-- Daniel G. Ims er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2010 | Oppdatert:06.11.2023