Eit tak og eit tak kan vera to ulike tak

Tak til dømes eit tak i sandtak og eit tak i hustak, eller eit tak i handtak og eit tak i skjultakTak er det heile tida!

Eit hustak er eit tak som dekkjer eit hus, og eit skjultak er eit tak som dekkjer eit skjul. Men den som legg eit tak, heiter jo ikkje takdekkar, men taktekkjar. Dersom taktekkjaren er engelsk og har etternamn etter yrket sitt, heiter han Thatcher.

Men eit sandtak er ikkje eit tak som dekkjer sand, og eit handtak er ikkje eit tak som dekkjer ei hand.

Eit handtak er noko ein tek fatt i eller grip når ein skal opna eller bera noko. Eit sandtak er ikkje noko ein tek fatt i eller grip når ein skal opna eller bera noko, men ein stad der ein tek ut sand. 

Når tak tyder det me har i hustak eller skjultak, heiter det tilsvarande verbet tekkja eller dekkja. Opphavet til tekkja er norrønt þekja, medan opphavet til dekkja, som er eit mykje vanlegare ord, er det nedertyske verbet decken. (Jf. norrønt eitt Þak og at Þekja.)

Når tak tyder det me har i handtak og sandtak, heiter det tilsvarande verbet taka. (Jf. norrønt eitt tak og at taka.)

I ordet skjultak har me skjul, som tyder ’vern mot noko’, det òg, for det tilsvarande verbet heiter skjula. På norrønt heitte dei to orda høvesvis eit skjól og at skýla.

 

-- Av Svein Nestor, redaktør

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.05.2010 | Oppdatert:05.06.2015