Ny terminologiteneste

Språkrådet har i haust etablert ei ny terminologiteneste. Tenesta skal arbeide med fagspråk og ta initiativ til og samordne utvikling av terminologi på norsk. Tre stillingar utgjer tenesta, to av dei er nye i haust.

AV JAN HOEL

Marianne Aagaard, Jan Hoel og Sylvi DysvikSt.meld. nr. 35 (2007–2008) «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk» frå Kultur- og kyrkjedepartementet vart behandla i Stortinget i vår. I meldinga blir det m.a. sagt at arbeidet med utvikling av norsk fagterminologi ligg mykje på etterskot. I mange samanhengar manglar norske termar, i andre har ikkje brukarane kjennskap eller tilgang til norske termar som finst. Utfordringa er difor «både å utvikla nye norske termar som får brei aksept i dei respektive fagmiljøa, og å gjera eksisterande og nye termar tilgjengelege på ein slik måte at dei også blir tekne i bruk i alle aktuelle samanhengar». Ein godt utvikla fagterminologi er ifølgje meldinga ein føresetnad for god fagleg kommunikasjon i Noreg. Dessutan er fagterminologi ei av dei viktigaste kjeldene for fornying av det allmenne ordforrådet vårt. Terminologiarbeid er også språk- og kulturforsvar og eit vilkår for effektiv kommunikasjon over språkgrenser.

Rådet for teknisk terminologi (RTT) arbeidde med å gjere norsk terminologi tilgjengeleg fram til 2001, då institusjonen vart lagd ned. Sidan den gongen har Språkrådet ved alle høve peikt på at arbeid med norsk fagspråk er særs viktig for at norsk språk skal kunne haldast oppe som eit fullverdig og samfunnsberande språk på alle område. Frå 2007 er terminologi og fagspråk arbeidsfeltet til eit av dei fire fagråda som styret i Språkrådet har oppnemnt i samsvar med dei nye vedtektene for institusjonen.

Ifølgje stortingsmeldinga er den mest påtrengjande oppgåva på området å få på plass eit organisatorisk apparat som kan vareta funksjonen som overordna samordningsorgan for terminologiutviklinga her i landet. Kulturdepartementet meiner at det er mest naturleg å gje Språkrådet funksjonen som organ for utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Dette er i dag meir formålstenleg enn å byggje opp eit nytt organ frå grunnen av. Departementet legg difor opp til å tilføre Språkrådet auka ressursar, slik at institusjonen blir i stand til å ta på seg rolla som nasjonalt terminologi- og fagspråkorgan.

Språkrådet har i mange år arbeidd med terminologi og fagspråk så langt ressursane har rokke til. Frå i haust er det to nye stillingar på området i sekretariatet, der det er skipa til ei intern terminologiteneste.

Terminologitenesta skal først og fremst ta initiativ, leggje til rette, samordne og ikkje minst vere aktiv pådrivar for det forskings- og utviklingsarbeidet som går føre seg i desentraliserte institutt- og fagmiljø. Ein del av arbeidet vil bestå i å koordinere det praktiske terminologiarbeidet som blir utført i privat og offentleg sektor i dag. Tenesta skal også assistere dei små faglege miljøa som enno finst på dette området, og hjelpe til med å utvikle termbaseprosjekt forankra i høgare utdanning og i andre miljø. Særleg viktig blir det å byggje utoverretta alliansar. På den måten kan ein skape større breidd i interessa og ansvaret for terminologi og fagspråk. Tenesta vil også svare på spørsmål om fagspråk frå publikum og ha eit særleg ansvar for å gje råd til offentleg forvaltning i terminologispørsmål.

Den nye terminologitenesta vil ikkje vere fullt operativ før i 2010.

 

-- Jan Hoel er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.11.2009 | Oppdatert:28.05.2021