Insektforskar er lik entomolog

Me er vane med at -logar er folk som kan mykje om eit eller anna, så me får tru at det ikkje er så reint gali å omsetja -log med ’forskar’.

AV SVEIN NESTOR

Dersom me tek bort -forskar og -log i dei to substantiva i overskrifta, sit me att med insekt- og entomo-. In- og en- er her så like at me – så lenge me ikkje vert overtydde om noko anna – må tru at dei tyder det same, særleg når dei finst i to ord som vel må tyda det same.

Utan in- og en- står berre -sekt- og -tomo- att. Lydsekvensen -sekt- kjenner me att i seksjon – frå latin sec-tio – som mellom anna tyder ’avsnitt’. Eit snitt får me når me snittar, t.d. når me gjer eit innsnitt. Snitt er eit lånord frå tysk, der det er avleidd av verbet schneiden ’skjera’. Det fanst eit tilsvarande verb sníða på norrønt, som no er mesta borte. Men i Nynorskordboka står det eit substantiv av same rota – snidel – som tyder ’lauvkniv, lauvsigd’. Eit anna ord for ’sigd’ er skyru, som sjølvsagt heng saman med verbet skjera.

Det vanlege ordet på tysk er Insekt, men Kerb-tier og Kerf finst òg. Dei to siste orda vart laga på 17–1800-talet og er beinveges omsetjingar av Insekt, som kjem frå latin insectum. Tysk Kerb ’snitt’, ’hakk’, ’skor’, heng saman med eit verb kerben, som svarar til engelsk carve og norsk karva (jf. karva blad og karveskurd), som tyder ’skjera’.

På Island seier dei skor-dýr for ’insekt’. Orda skor og skore ’hakk, innsnitt’ finst framleis på norsk òg, og dei heng saman med verbet skjera.

Det ordet russarane har laga for ’insekt’, er nasekomoje. Også her finst bokstavsekvensen -sek-, som liknar på og er skyld latin sec-are ’skjera’. Men det russiske -sek- i na-sek-omoje er ikkje noko lån frå latin. Det er ekte russisk, for på russisk heiter ’eg skjer’ sek-u, og på latin sec-o. Attåt dette finst det eit russisk substantiv sek-ira, som tyder ’(strids)øks’. Det har opphavleg den same rota som det latinske sec-uris, som tyder ’øks’, det òg. Øks nyttar me til å kløyva med, og det er ikkje langt mellom tydinga av skjera, snitta og kløyva.

At insekt og dei tilsvarande orda i tysk, islandsk og russisk må ha noko med verb som tyder 'skjera, snitta, kløyva’ å gjera, må no vera heilt klårt.

Me har alt nemnt tre ord som inneheld eit element som har noko med tydinga ’skjera’ å gjera: in-sekt frå latin, inn-snitt frå tysk/norsk og en-tomo frå gresk. Førsteledene in-, inn- og en- liknar mykje på kvarandre, og når me veit kva inn- tyder, må me tru at in- og en- tyder det same som det.

Tom i entomo- er ein gammal kjenning frå atom, av gresk a-tomos, som tyder ’som ikkje let seg skjera, dela, kløyva’. Det same elementet finn me att i framandorda ana-tomi (eigenleg ’oppskjering’), diko-tomi (’todeling’), hyster-ek-tomi (’livmor-ut-skjering’) og lobo-tomi (('panne)lapp (over)skjering').

Om nokon tykkjer at eg no har dissekert (opp sann, der var bokstavsekvensen -sek- framme att!) ordet insekt så lenge at dei ‘spør’: «Kvifor er du no komen så langt frå sjølve dyret (insektet)?», vil eg innvenda at eg – i dobbel tyding – er midt i det.

Ta til dømes og sjå på ein kvefs. På overgangen mellom bakkroppen og framkroppen er han så smal at kvefsetalje er vorti eit omgrep. Ja, kvefsen er nesten skoren heilt av. Det er slike karakteristiske innskjeringar – skor – i kroppen som har gitt den opphavleg latinske nemninga insekt.

Latin har eit verb in-secare, som tyder ’skjera inn i’, og til det finst det eit perfektum partisipp in-sectum ’innskori’. Insectum tyder ’det som (noko) er innskori (i)’.

Det var den vidkjende greske vitskapsmannen Aristoteles (384–322 f.Kr.) som laga nemninga en-tomon (zoon) ’det innskorne (dyret)’. Latin in-sectum er ei omsetjing av det greske ordet, og tysk Kerb-tier, islandsk skor-dýr og russisk na-sek-omoje er omsetjingar av det latinske. Det latinske, tyske, islandske og russiske ordet er truleg etter måten nye ord, for insectum står ikkje i ordboka over klassisk latin, og dei andre orda er jo omsetjingar av det.

 

-- Svein Nestor er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.11.2009 | Oppdatert:10.06.2015