«Poke» eller «dult»?

Nettsamfunnet Facebook blei til på Harvard-universitetet i 2004 og har sidan gått som ei farsott over verda.

AV DANIEL IMS

Da Facebook for alvor fengde her til lands våren 2007, var nettstaden berre engelskspråkleg, men det siste året har det komi versjonar på spansk, fransk, tysk, russisk – og eigne versjonar på bokmål og nynorsk. Noko som gjer omsetjingane av Facebook spesielle, er at dei blir laga på dugnad av medlemene. Sjølve namnet blir ikkje omsett, men det uformelle «fjesbok(a)» er bruka ein del.

Is-tida

Facebook-medlemene registrerer seg med ein profil og kontaktar kvarandre ved hjelp av ymse funksjonar. I starten var alle menyar og faste setningar (grensesnittet) på engelsk, mens ein elles skreiv på det språket ein ville. Eit unntak frå valfridomen var statuslina, der namnet på brukaren og ordet «is» var faste element. På engelsk går dette greitt, anten framhaldet gjeld tilhald («NN is in Tromsø») eller gjeremål («NN is writing»). Men med framhald på andre språk blei det nokså klønete, t.d. «Daniel Braut is på veg inn i ei sidegate». Mange såg seg leie på dette og skipa ei gruppe på Facebook som kravde å fjerna «is» frå statuslina. Etter kvart fekk dei viljen sin, og ikkje lenge etter kom tilbodet om å ta i bruk versjonar av fjesboka på andre språk enn engelsk.

Omsetjing på dugnad

Fjesbokingane kan leggja ein omsetjingsfunksjon til brukarkontoen sin, og så omset dei på dugnad ved å koma med framlegg som blir drøfta og røysta på. Somme meiner denne framgangsmåten er eit demokratisk føredøme, andre meiner han er ei følgje av latskap og gjerugskap hos Facebook-eigarane.

Uansett har både bokmål og nynorsk no fått eigne versjonar etter innsatsen frå høvesvis 6173 og 1719 omsetjarar (mars 2009). Enda omsetjarane berre er eit utval av språkbrukarane, er det interessant å sjå på løysingane som fleirtalet har komi fram til.

Skilnader på fjesbokmåla

I begge skriftmåla våre er det ein del variasjon i formverket. På nynorsk er valet mellom a-infinitiv og e-infinitiv særleg aktuelt, sidan det er mange infinitivar i menyane. Omsetjarane har nok gjennomført det eine eller det andre i kvart tekststykke, men ikkje nådd allmenn semje. Eit liknande dilemma for bokmål er valet mellom hokjønns- og hannkjønnsending, men spørsmålet melder seg ikkje like ofte som infinitivsvalet i «fjesboken/-a».

Det syner seg interessante skilnader mellom målformene i ordvalet. Nynorskbrukarane vel fleire stader norske ord der bokmålsbrukarane held på dei engelske. Den mystiske sysselen som på engelsk ber namnet «poke» (eigentleg ikkje anna enn ein virtuell variant av å prikka nokon på skuldra), har på nynorsk blitt til «dult», mens fleirtalet av bokmålsbrukarane har valt å halda fram med «pokinga». På engelsk brukar ein verbet «tag» om det å namngi ein annan Facebook-medlem i eit fotoalbum – det har blitt til det norvagiserte «tagge» på bokmål, men til «merkje» på nynorsk.

Bruken av særskilde norske ord i omsetjinga kan by på problem når det engelske ordet krev ulike omsetjingar i ulike samanhengar. Det å «ha stemnemøte» kan vera ei god omsetjing av det engelske «date», men det høyrest slitsamt ut å «ha stemnemøte frå 1996 til 1998». Jamvel om «dating» òg kan vera ei repetisjonsøving, talar vi heller om å «vera i lag» eller noko liknande på norsk.

Området der ein skriv så alle kan sjå det, kallar dei «wall» på engelsk. På mange språk har ein valt å halda på denne metaforen, slik at valet står mellom «mur» og «vegg». Bokmålsbrukarane skriv på «veggen» til kvarandre. I nynorskversjonen brukar dei eit heilt anna bilete og skriv meldingar på «tavla».

Anten du vil at folk skal skriva på «veggen» din eller «tavla» di, er det stor sjanse for at du kan «leggja / legge til» mange kjende som vener. Ifølgje Facebook sjølv er Noreg eit av landa med flest medlemer samanlikna med folketalet.

 

-- Daniel Ims er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.05.2009 | Oppdatert:10.06.2015