Historia bak

MÄNTYRANTA JA HAAPARANTA

Mäntyranta og Haaparanta har mykje sams:

1 Båe orda er finske.
2 Båe er samansette ord.
3 Båe førsteledda i samansetningane er namn på treslag.
4 Båe trenamna er ekte finske ord. Mänty tyder ’furu’, haapa tyder ’osp’.
5 Båe orda endar på ranta, som tyder ’strand’.

Mäntyranta tyder altså ’Furustrand’. Haaparanta tyder ’Ospestrand’ og liknar svært på namnet til den nordsvenske byen Haparanda, som opphavleg er nett det same ordet.

Det finske lydsystemet tillet ikkje meir enn éin konsonant i framlyd av eit ord. Difor vart det nordiske ordet strand til ranta då finnane lånte det for svært lenge sidan. Når Stockholm på finsk heiter Tukholma, er årsaka den same. Andre døme er stall, som vert til talli, stol, som vert til tuoli, og skinke, som vert til kinkku.

Ordet ja i overskrifta tyder ’og’. Finsk har det frå jah (’og’) i det gamalgermanske språket gotisk. Dei finske orda kuningas (konge) og ruhtinas (herre) liknar meir på kuningaz og druhtinaz, som finnane lånte frå urgermansk for over 2000 år sidan, enn det dei tilsvarande moderne nordiske orda gjer, til dømes svensk konung og drottning. Finsk er på somme område eit svært konservativt språk.

 

-- Av Svein Nestor, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.05.2009 | Oppdatert:10.06.2015