Nordisk språkråd – samarbeid til etterlikning

AV ODDRUN GRØNVIK

Språknemndene i dei nordiske landa har i snart femti år bygd opp røynsle i praktisk samarbeid. Dette samarbeidet er organisert gjennom Nordisk språkråd.

I Norden er kontakt og samarbeid om språklege emne så velkjent og kvardagsleg at vi knapt legg merke til det. Dei som driv dette arbeidet, opplever at kvardagen sluker dei, med store og små spørsmål om alt frå einskildord til framtida for språka i Norden. Sjølve arbeidsmåten er så innarbeidd at han knapt får ein tanke.

Men samarbeidet om språkspørsmål mellom språksamfunn som er grannar (endå om somme av språka er svært ulike), er så sjeldsynt at det vekkjer oppsikt andre stader. Lat oss tenkje oss eit balkansk språkråd (det har aldri eksistert). Da skulle morsmålslingvistar frå språknemnder i til dømes Slovenia, Kroatia, Serbia, Bosnia, Makedonia, Albania og Hellas møtast ein gong i året for å drøfte større språkspørsmål, og sekretariata skulle ha jamn kontakt og utveksle informasjon.

I dag ville vel tanken bli avvist som låtteleg og umogleg, ut frå både nær og fjernare historie. Men nordisk historie har ikkje vore ein dans på roser, det heller – det er krigar og konfliktar nok å sjå tilbake på. Kanskje det er noko ved språkstyring, språkvern og språkleg samarbeid i Norden som er verdt å snakke om utanfor Norden?

Særdrag ved det nordiske språksamarbeidet

Kva særdrag har dagens nordiske språkvern og språksamarbeid?

  • Det er organisert ut frå språksamfunn, ikkje ut frå stat. Somme av språka har såleis språknemnder i meir enn ein stat.
  • Det er eit langvarig samarbeid som byggjer på kunnskap om og godtaking av at kvart språksamfunn har si eiga historie og sine særdrag.
  • Fellesskapet blir rekna som verdfullt i seg sjølv. Det blir lagt vekt på å understreke det som samlar. Språklege konflikttema blir dempa gjennom ein uttala vilje til kompromiss, og konflikttema landa imellom som ikkje gjeld det språklege, blir haldne utanfor.
  • Kvar språknemnd har representantar frå offentlege organ og private institusjonar som representerer viktige brukargrupper. Det blir lagt vekt på å finne dugande talsmenn, og til saman gjer nemndmedlemmene ganske mykje arbeid – det er ikkje latmannsverv.
  • Arbeidet er heimla i lov og i offentlege vedtak, offentleg finansiert og ope for innsyn.
  • Dei nordiske landa har ei sams grunnhaldning til språkvern og språkpolitikk, der det gjeld å vege rettane til einskildpersonar mot rettane til språksamfunnet og finne løysingar som kan gjennomførast og godtakast (ikkje nødvendigvis dei same frå land til land).
  • Språkpolitikk, språkvern og nordisk samarbeid om språkspørsmål er rekna som legitim politisk verksemd i eit demokrati og som eit emneområde politikarar må ha standpunkt til.
  • I alle nordiske land er det eit folkeleg engasjement rundt nasjonale og nordiske språkspørsmål. Ein viss kjennskap til språka og språkpolitikken i dei andre nordiske landa blir rekna som allmennkunnskap.

Dei nordiske språka har ein velutvikla terminologi for språkpolitiske emne. I verdsspråket engelsk manglar ein del av desse omgrepa, og det er ikkje alltid lett å forklare kva det språklege samarbeidet i Norden går ut på.

Kva er eit «verdsspråk»?

Eit verdsspråk er eit språk som er i bruk som første-, andre- eller tredjespråk svært mange stader på kloden, slik at ein overalt kan rekne med at det finst folk innanfor rekkjevidd som kan litt av eit av desse språka. Det er ikkje talet på morsmålsbrukarar som er dete viktigaste kriteriet. Eit «verdsspråk» kan definerast som «språket til ei tidlegare stor kolonimakt». Engelsk kjem truleg først, deretter fransk og spansk. Her skal vi sjå på språkpolitikken attom to språk som blir rekna som verdsspråk, engelsk og fransk.

Stormaktsmodellen

Storbritannia og Frankrike syner svært ulike haldningar til språkspørsmål. Det kan derfor verke underleg å snakke om ein sams modell for språknormering og språkpolitikk i desse to landa. I dei engelskspråklege landa (Storbritannia, USA, Australia) er det ikkje noko offentleg organ som har ansvar for språkspørsmål. Marknaden skal rå – og regulere seg sjølv. Fransk språkpolitikk derimot er offisiell, sentralisert og grunngjeven prinsipielt.

Det er likevel viktige likskapsdrag:

  • Båe språksamfunn legg avgjerande vekt på å halde språket uendra, først og fremst i rettskriving, men også (i ulik grad) i grammatikk, ordtilfang, tydingsvokster og biletbruk.
  • Ingen av dei har teke omsyn til talemålsutvikling i heimlandet etter at rettskrivinga fastna og vart utbreidd
  • Båe legg avgjerande vekt på å framstå som eittspråkssamfunn heime
  • Ingen av dei har offentlege eller private fora som fungerer som møtestader for ulike språksamfunn i heimlandet
  • Båe har offentleg finansierte organ med store budsjett som har ansvar for å fremje utbreiing av språka som skrivne standardspråk, først og fremst med den kulturelle referanseramma som gjeld i opphavslandet.

Modellen for språkstyring er temmeleg lik, om gjennomføringa er ulik. Modellen er at det offisielle språket – administrasjonsspråket – også skal vere dominerande som undervisnings- og arbeidsspråk. Interessene til staten og storsamfunnet skal styre språkpolitikken. Det blir ikkje lagt til rette for dialog med heimlege språklege minoritetar.

Denne tradisjonelle språkpolitikken er under eit visst press. Både Storbritannia og Frankrike er med i Europaunionen og Europarådet. Dette har ført med seg at språkspørsmål og språkpolitikk er komne på saklista på nye premissar. Men i det daglege er dette lite merkbart for folk flest.

Språkstyring i koloniane

I kolonitida rekna kolonimaktene kontroll over skriftspråk og kultur som ein del av sitt eige styringsapparat. Modellen for språkstyring heime vart såleis tilkvesst, av di ein først og fremst tok omsyn til det som var nyttig for arbeidsoppgåvene ute og arbeidsgjevaren heime. Dess mindre utvikla den heimlege språkkulturen var i koloniane, dess meir dominerande vart det innførte administrasjonsspråket.

I dag arbeider både Storbritannia og Frankrike for å halde oppe eller styrkje stillinga for engelsk eller fransk som bruksspråk i dei tidlegare koloniane. Både Storbritannia og Frankrike ser på kultureksport som svært viktig. Dei heil- eller halvoffisielle organisasjonane som har språk- og kulturpolitikk utanfor heimlandet som særleg ansvar, har som oppgåve å bidra til å halde på status quo for sine språk. Dermed blir dei nødvendigvis til hinder for å styrkje morsmåla i dei gamle koloniane som bruksmål.

Språkstyring i Afrika

Den verdsdelen som er sterkast merkt av kolonitida, er Afrika. Døme på språkpolitikk i dei tidlegare koloniane skal eg heretter hente derifrå, av di det er Afrika eg kjenner best.

Svært mange av dei tidlegare koloniane i Afrika valde kolonispråka som administrasjonsspråk da dei vart sjølvstendige statar. Grunnane var at

  • det eksisterande administrasjonsapparatet var bygd opp med kolonispråket som reiskap
  • statsgrensene gjekk på kryss og tvers av språksamfunna
  • det var mange språksamfunn med svært ulike språk innanfor kvar stat
  • dei innfødde språka var ikkje utvikla som skriftbundne standardspråk

Dermed kunne det å velje noko anna enn det tidlegare kolonispråket som administrasjonsspråk framstå som både upraktisk og farleg. Det gamle kolonispråket vart godteke; å lyfte fram eitt av fleire innfødde språk kunne i verste fall utløyse borgarkrig.

Eit anna omsyn må også reknast med. Dei som overtok makta, dei nye afrikanske elitane, hadde fått utdanninga si på kolonispråket og hadde gjort det til sitt. Etter maktovertakinga har det vore lite interesse for språkspørsmålet i dei styrande laga i dei fleste afrikanske land.

I denne samanhengen blir det viktig at den einaste modellen for språkstyring som er kjend, er kolonimaktene sin modell. Den knyter heile språkspørsmålet til spørsmålet om val av administrasjonsspråk. At heile generasjonar med afrikanske barn får øydelagt skolegangen sin, blir etter denne modellen ein sørgjeleg, men nødvendig kostnad under det større målet, som er politisk stabilitet. Dette er langt på veg ei etablert politisk sanning som høver godt for dei gamle kolonimaktene, dei nye elitane og det internasjonale forretningslivet. Det blir unødvendig å lære språket eller språka på staden, ein treng ikkje tilpasse seg.

Administrasjonsmål versus utdanning

Trass i store investeringar over lang tid må utdanningstellet i store delar av Afrika reknast som mislykka. Skolegangen for dei fleste er kortvarig og av låg kvalitet, og strykprosenten i vidaregåande skole er forskrekkeleg, særleg i realfag. Mange afrikanske politikarar har lenge vore klar over at språkspørsmålet er ein nøkkel til utdanningsrevisjon.

Problemet er spørsmålet om prioritet. Det er investert lite i morsmålsutvikling på afrikansk grunn. Dei gamle kolonispråka står sterkt som bruksspråk mellom anna av di dei afrikanske språksamfunna har mistru til sitt eige. Ei vanleg haldning er at kunnskap er språkbunden – edb og biologi blir ikkje vitskapleg nok på morsmålet.

Språkstoda i mange afrikanske land er dårleg kartlagd, og tal ofte usikre. Det er likevel sikkert at berre eit fåtal av afrikanske språk er utvikla til eit minimumsnivå som skriftlege standardspråk, dvs. språk med fast rettskriving, dokumentert grammatikk og ordtilfang (eittspråklege ordbøker), skjønnlitteratur og faglitteratur, skolebøker og andre læremiddel. Det er skrikande mangel på folk med røynsle i praktisk språkarbeid.

I Norden har vi sett at slike lingvistiske grunnlagsinvesteringar kan ha stor verknad i eit samfunn. Dei fleste språksamfunn har årstalet for den første vitskaplege grammatikken og den første større ordboka som vendepunkt i si eiga språkhistorie. Slike grunnbøker blir symbol for språkbrukarane på at språket finst, har verdi og fortener å bli brukt.

Men slike tiltak krev høg lingvistisk kompetanse og mange årsverk, særleg om ein må samle munnleg tilfang til korpus. Da trengst det heimlege pionerar og eksperthjelp utanfrå. Dessutan trengst det ein offentleg språkpolitikk som har brei politisk støtte og femner om alle språksamfunn i landet.

Stormaktsmodellen kan ikkje gje grunnlag for ein slik språkpolitikk. Men det nordiske språksamarbeidet kan brukast som modell. Det trengst

  • kunnskap om praktisk og kvardagsleg språkutvikling og språkvern, som dei nordiske landa etter kvart har rik røynsle med
  • legitimering av slik verksemd som politisk og demokratisk arbeid, og som fornuftig resursbruk
  • røynsle for at eit velutvikla morsmål er like viktig for utvikling og framgang i eit samfunn som eit godt vegnett eller elektrisitetsnett

Alt dette har språksamfunna i Norden.

I Zimbabwe har det ti år lange samarbeidet i ALLEX-prosjektet skapt ein institusjon med heimleg språkutvikling og språkvern som einaste oppgåve: African Languages Research Institute (ALRI). Takk vere kontakten med universiteta i Göteborg og Oslo er staben ved ALRI etter kvart godt kjend med nordisk språkpolitikk. I grunnlagsdokumentet for ALRI heiter det at ein vil gå vekk frå den angloamerikanske marknadstenkinga og i staden arbeide for ein offentleg språkpolitikk under demokratisk kontroll, som kan ta utgangspunkt i den fleirspråkssituasjonen Zimbabwe må leve med.

Behov for sjølvskryt

Språkstyring og språkvern i dei nordiske landa, og det nordiske språksamarbeidet, er lite kjent utanfor Norden. Eg har sett litt på korleis Nordisk språkråd og dei nordiske språknemndene kunngjer røynsler og praksis, og på kor tilgjengeleg informasjonen er for dei som ikkje meistrar eit nordisk språk. Det er kjekt å kunne seie at Norsk språkråd kom best ut, med nettsider både på engelsk, tysk og fransk.

Elles var det ikkje så bra. EU-landa Sverige, Finland og Danmark har ikkje stoff på engelsk, korkje på nett eller papir. Eg fann heller ingen lenkjer til Nordisk språkråd eller dei nordiske språknemndene hos EU, Europarådet eller UNESCO. Så her ligg det informasjonsoppgåver og ventar.

Ut i verda?

Det er ikkje tvil om at språkstyring og språkvern blir debatt-tema og kulturoppgåve i store delar av verda i det nye hundreåret. Dei fleste språksamfunn i verda er små. Derfor blir det viktig å fremje regionalt samarbeid og få fram samkøyrde løysingar. Det vil hjelpe på sjølvtillit og på effektivitet. Det er ikkje få språkutviklingsprosjekt i Afrika som har stranda av di dei som byrja, ikkje hadde nokon å spørje til råds eller jamføre seg med.

Her bør Nordisk språkråd og språknemndene for dei nordiske språka vere med. Den modellen som nordisk språkpolitikk representerer, bør kome betre fram internasjonalt. Mange språksamfunn treng dette kvardagsnære dømet på at det nyttar å ta vare på sitt eige, i samarbeid med gode grannar.

 

Oddrun Grønvik er forskar i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.11.2003 | Oppdatert:18.06.2015